Vil ha Hareid-tunnel før 2020

Næringsliv og kommunar på Sunnmøre, i Romsdal og i Nordfjord har skote inn 7,3 millionar kroner i ny aksjekapital i Hareid fastlandssamband.

  Foto: Knut Arne Aarset

Nyheter

Vi skal bruke pengane til å planlegge tunnelane Hareid-Sula og Sula Ålesund og få prosjektet inn i Norsk transportplan i åra 2014 til 2020, seier styreformann Hans Gisle Holstad som også er ordførar i Hareid.

Det skal vere nytt årsmøte i tunnelselskapet, for å velje eit styre som har med folk frå næringslivet. Deretter skal dei tilsetje ein prosjektleiar som skal styre planlegginga.

Dei dominerande bedriftene i det maritime næringslivet i området satsar på dette sambandet. Bakgrunnen er at dei vil gjere det lettare å reise mellom nordre og søre Sunnmøre slik at både bu- og arbeidsmarknadsregionen vert styrkt.

- Det maritime næringslivet står for om lag 20 000 arbeidsplassar og 50 milliardar kroner i årsomsetjing, seier Svein Rødset som er sekretær for styret.

All politisk og næringslivstyngde i distriktet stiller seg bak Hareid fastlandssamband.