Vindkraft til alle hus i Vågsøy

Vågsøy er blitt sjølvforsynt med kraft frå vind, etter at åtte nye vindturbinar er sett i drift.

  Foto: Knut Arne Aarset

Nyheter

Til saman tretten turbinar tronar no på fjellet rett sør for Stad.

Vindparken Mehuken 2 kunne knapt fått ei betre opning, sjølv om det var eit ufyseleg vêr og ein måtte halde hardt på paraplyen i går.

– Det er fantastisk vindkraftvêr her i dag, smilte dagleg leiar i Kvalheim kraft, Olav Rommetveit, før turbinane starta opp.

3200 husstandar

Sidan 2001 har det stått fem vindturbinar på Mehuken. Dei åtte nye er ein del større enn dei gamle, og dei har fått stormkontroll. Det betyr at dei kan vere i drift til vinden bles 37 m/s, altså over orkan styrke.

Dei tretten turbinane vil lage nok straum til å forsyne 3200 husstandar. Det vil seie at Vågsøy vil vere sjølvforsynt med energi basert på vind.

– Dette er også eit effektivt kraftsystem, sidan det er nær der folk bur. Dette er kortreist straum til Måløy, seier Rommetveit.

På dagar med mykje vind vil kraft bli eksportert ut av kommunen, medan det blir importert når det er lite vind. Med vind frå 14 til 32 m/s er produksjonen maksimalt effektiv. Bles det meir eller mindre, må produksjonen trappast ned.

Blå ballongar

Fylkesordførar Nils R. Sandal (Sp) i Sogn og Fjordane stod for den offisielle opninga. Det skjedde ved å sende åtte blå ballongar til vers, ein for kvar nye vindturbin.

– Her får vi verkeleg oppleve energi i lufta, og det er hyggjeleg å vidareforedle grøn energi til glede for folk flest, sa Sandal. Han trekte fram at det i Vågsøy skjer mykje spennande elles også, når det gjeld utvikling av grøn energi. Mellom anna med vindkraft til havs.

Innafor budsjettet

Budsjettet for prosjektet var på 240 millionar kroner, og prosjektleiar Kristin Ankile fortel at ein held seg innanfor dette.

Enova har støtta utbygginga med inntil 93 millionar kroner.

– Og de vil tene på utbygginga?

– Ja, det har vi tru på, elles hadde vi ikkje satsa. Men vi er avhengig av offentleg støtte for å få lønsame prosjekt, seier Ankile.

Leigeinntekt

Dessutan får grunneigarane på Kvalheim leigeinntekter.

– Vi har ikkje offentleggjort leigeinntektene. Det varierer kva den enkelte får, men det er greie tilleggsinntekter i tillegg til det dei elles driv med, meiner Rommetveit.

Mange stader er det sterke protestar mot vindmøller, men i Vågsøy har det stort sett vore bygd ut utan innvendingar.

– Her har sunnmøringane noko å lære. At sunnmøringar seier nei når det er pengar å tene, er heilt utruleg, seier Rommetveit med eit smil.