– Her er slagstaden

Det stod ikkje noko vikingslag i dagens Hjørungavåg. Slaget mellom nordmenn og jomsvikingar stod i sjøområdet mellom Leikong og Eiksund. Det meiner Johan Ottesen.

  Foto: Johan Ottesen

Nyheter

Det er i den ferske boka «Slagstaden» at lokalhistorikar Johan Ottesen frå Ulsteinvik kjem med desse påstandane.

– Min klare teori er at slaget stod i sjøområdet mellom Leikong i Herøy og Eiksund i Ulstein. Her passar det best med kjeldene.

– I Liavågen, som no er omdøypt til Hjørungavåg, passar ikkje noko som helst.

I boka har Ottesen teke grundig for seg det som finst av skriftlege kjelder om slaget mellom Jomsvikingane og hæren til Håkon jarl, truleg rundt år 986.

Han har studert namna som er brukt i kjeldene, og teke for seg alle av stadene som har vorte lanserte som moglege slagstader.

I tillegg til Hjørungavåg/ Liavåg og området mellom Leikong/Eiksund, er det Haugsfjorden, Ulsteinfjorden, Aspevågen, Vegsundet, Ørskogvika, Hjørundfjorden, Norangsfjorden og ytst i Ørstafjorden.

Slakt

I tur og orden slaktar Ottesen dei ulike alternativa, og står til slutt att med Eiksund/Leikong

  • Her finst dei steinane som er omtala i kjeldene, steinar som dei kavar og leitar etter i Liavågen.
  • Her passar også området med kjeldene om at vågen botnar mot aust og har munningen mot vest.
  • Her finn ein også namna Måløy og Leikong, som fortel at det er gamle samlingsstader.
  • Her er også namnet Havåg, det einaste vågnamnet som har tilknyting til øynamnet, i moderne språkbruk Hareidlandsvågen.

Taktisk

Ottesen meiner det heller ikkje er tilfeldig kvar dei møttest til slagting.

– I Eiksund/Leikong var det militærtaktisk lurt å samle seg, og her var det kort avstand for dei som kom frå Voldsdfjorden, Ørstafjorden, Rovdefjorden og Vartdalsfjorden.

Gjennom arbeidet med materialet har Ottesen vorte i tvil om slaget var så stort som mange vil ha det til, med opptil 18.000 mann og nærare 500 skip.

– Det er faktisk dei som trur at slaget er oppdikta. Det som er sikkert er at kjeldematerialet er spinkelt og gjev grobotn for ulike tolkingar.

Funn

Han meiner uansett at det er viktig å halde fram med å grave i historia rundt dette slaget, og han håpar at moderne teknologi til slutt vil gje det endelege svaret.

– Truleg er det lite å finne på land. Det som var att der, vart nok plukka opp att etter slaget.

Dei døde vart også høgst truleg frakta heim.

– Men på havbotnen kan det endå finnast spor etter våpen eller ballaststeinar til båtar. Mitt råd går på å starte å leite i området mellom Eiksund og Leikong.