Full fart i gymsalen

Humøret var på topp under den første el-innebandy-turneringa i Møre og Romsdal.
Nyheter

Langevåg el-innebandy er akkurat ferdig med siste kampen mot trønderlaget Nyborg. Det vart eit ganske klart tap, men Henrik Nergård (13) er likevel positiv og ser allereie fram mot neste turnering i februar. – Då skal vi skal vinne, garanterer han.

Inkluderande

Langevåg IL var første idrettslaget i Møre og Romsdal som starta med el-innebandy, ein fartsfylte og underhaldande sport spesialtilpassa for funksjonshemma.

– Det er viktig at dei også skal få ha ein lagidrett, seier Katrin Vegsund. Ho er leiar for el-innebandy-gruppa, som kom i gang i mai. I løpet av hausten har også Atlanten Turnforening i Kristiansund starta lag, dermed er det to i Møre og Romsdal.

Langevåg-laget har deltakarar frå 9-15 år, frå kommunane Sula, Ørskog og Ålesund.

– Per i dag har vi berre gutar, men vi vil gjerne ha med jenter også, seier Katrin Vegsund. – Kom gjerne og prøv! Vanskeleg og kjekt. El-innebandy-gjengen har trening kvar torsdag, men Henrik legg ikkje skjul på at turnering er endå kjekkare.

– Spelte vi ikkje bra vel, gliser han.

– Vi scora mål, det var kjempekjekt! I siste kampen mot Nyborg var 13-åringen keeper.

– Det er litt vanskeleg. Men det er også vanskeleg å score mål. El-innebandy på TV. For to veker sidan prøvde ein annan Henrik, med etternamn Elvestad, el-innebandy for første gong. Henrik såg Golden Goal-programmet og fekk seg ein god latter.

– Han gjorde slik at bilen datt, flirer den blide idrettsutøvaren frå Ekornåsvågen. Pizzafest. Etter kampane er pizza neste post på programmet for gjengen frå Langevåg og Nyborg. Henrik er veldig klar for det, men er endå meir klar for å reise til Trondheim i februar.