Møtt av flammande appell

Sjukehus-aktivistane frå Nordfjord møtte helseministeren i Volda.
Nyheter

Helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen vart møtt av ein flammande appell frå Janne Endal Andersson då ho kom Volda sjukehus mandag føremiddag.

Andersson frå Nordfjordeid bad innstendig om at helseministeren måtte syte for at Nordfjord sjukehus ikkje vert nedlagt. Samstundes fekk Strøm-Erichsen overrekt sju brennande searinlys – symbolet på folket i alle dei sju kommunane i Nordfjord står bak kravet.

Helseministeren innleia mandag føremiddag sin til til Sunnmøre med å besøk sjukehuset i Volda. Seinare i dag skal ho også besøke Ålesund sjukehus og i kveld deltek Strøm-Erichsen på eit ope møte i Ålesund om samhandlingsreformen.