Vurderer søksmål mot Wikipedia

Nynorskfolket meiner Wikipedia bryt opphavsretten - krev erstatning for brot på åndsverklova.

  Foto: Knut Arne Aarset

Nyheter

Det digitale, nynorske oppslagsverket Allkunne.no erklærer krig mot det verdsomspennande, dugnadsbaserte oppslagsverket Wikipedia.

Allkunne meiner Wikipedia bryt åndsverklova, stel artiklar og legg dei ordrett ut på nettsida si utan å ha spurt om lov eller å opplyse kvar artiklane er henta frå. Den nynorske nettstaden meinar at den internasjonale kollegaen systematisk brukar tekstar frå Allkunne ulovleg, både gjennom avskrift og ulovleg publisering.

- Vi kan dokumentere at Wikipedia har publisert rein avskrift frå Allkunne. Dette er brot på norsk lov og må få konsekvensar, seier redaktør og dagleg leiar i Allkunne, Audhild Gregoriusdotter Rotevatn.

No krev Allkunne erstatning fra Wikipedia, ellers hamnar saken i retten.

- Vi reagerer sterkt på denne praksisen. Allkunne krev erstatning for ulovleg bruk og oppreising for ikkje-økonomisk skade på til saman 75 000 kroner og at Wikipedia dekkjer alle sakskostnadene våre, seier Rotevatn.

- Trist

Styreleiar Jarle Vines i Wikimedia Norge seier til smp.no at det er trist at to medier som dyrkar det nynorske språket skal gå inn i ein krig.

- Viss Allkunne tok kontakt med oss kunne vi ha sletta den aktuelle artikkelen med ein gong. Om den er kopiert da. I staden konstruerar Allkunne ein krig, seier Jarle Vines til smp.no.

Wikipedia på nynorsk har ute om lag 63.000 artiklar på sine sider, medan Allkunne.no har om lag 1.500 artiklar. Wikipedia er rangert som den 8. største nettstaden i Norge.

- Alle som bidrar på Wikipedia gjer det på fritida, gratis. Vi er ikkje støtta av staten, slik Allkunne er, seier Vines.

Tok ikkje kontakt

Vines meiner Wikipedia har stor respekt for kopiretten.

- Allkunne burde kome til oss om dei meiner det er gjort feil. No konstruerer dei i staden dårleg stemning i det nynorske miljøet og eg fryktar at fleire vil sjå seg om etter andre kjelder når dei skriv på Wikipedia. Da fell Allkunne ytterlegare på Google sin ranking. Og det ønskjer dei vel ikkje, spør Vines.

- Men kva gjer de med dei konkrete artiklane dei meiner de har kopiert?

- Dei påstandane vil Wikimedia Foundation i USA ta stilling til, seier Jarle Vines.