Koplar inn statsråden

Barneminister Audun Lysbakken er kopla inn i saka der barnevernet vil ta babyen frå foreldra ein time etter fødselen.

  Foto: Knut Arne Aarset

Nyheter

Tidlegare denne veka fortalde Sunnmørsposten om det unge paret på søre Sunnmøre som har fått vite av barnevernet at dei berre får vere foreldre ein time. Paret får heller ikkje vere åleine med babyen denne eine timen før barnevernet tek frå dei barnet. Fosterforeldre er allereie funne, trass i at besteforeldra har sagt seg villige til å stille opp som avlastingsforeldre.

Stortingsrepresentant og nestleiar i familiekomiteen på Stortinget, Solveig Horne (Frp), reagerer kraftig. Ho har sendt spørsmål om saka til barneminister Audun Lysbakken (SV).

Spørsmålet

Horne skriv følgjande:?«Barnevernet vil frata omsorgen for et nyfødt barn. Dette har skjedd uten at fars familie er blitt kontaktet knyttet til mulig omsorg for barnet. Barnevernet skal også ha grunngitt overtagelsen av barnet med manglende ressurser knyttet til å yte barnet og familien hjelp i hjemmet. Er statsråden tilfreds med ein slik praksis, og mener han at dette er i tråd med Stortingets og regjeringens intensjoner for hvordan barnevernet skal fungere?»

Horne meiner det er uakseptabelt at nærheitsprinsippet vert oversett.

Ueigna som mor

Det unge paret på 23 og 24 år har inga forhistorie med psykatri eller rus. Men familien har fått forståing av at barnevernet meiner mor er spesielt ueigna til å behalde barnet.

Den no 23 år gamle kvinna var i barnevernssystemet sidan tidleg barndom. Ho vaks opp med ein utagerande stefar, og der verbal og fysisk utagering sette sitt preg.

Furene

Paret møtte kvarandre på arbeidstrening i Furene i Volda, og kontakta sjølve barnevernet for å få hjelp i kommunen der dei budde fram til jul. 8. desember kom beskjeden frå barnevernet om at dei ikkje kunne behalde barnet.

Etter å ha fått denne meldinga, flytta paret midlertidig inn hos foreldra til barnefaren. Terminen var 27. januar, altså torsdag, så barnet kan verte fødd når som helst.

Skal dokumentere

– Ventetida er grusom. Det er ei forferdeleg påkjenning for paret og oss næraste, uttalar mor til den vordande barnefaren.

Dei hadde tankar om å nytte seg av fritt sjukehusval for å kome seg unna ei jordmor som har sendt bekymringsmelding.

– Men måndag må dei møte på kontroll på sjukehuset vi soknar til. Vi må vere budd på det meste, og eg skal dokumentere alt med foto og film, seier kvinna.