Dopliga brukte posten

Med hovudbasar i Tromsø, Narvik og Herøy vart Nordvestlandet og Nord-Norge forsynt med anabole stereoidar gjennom postpakkar.
Nyheter

Politiet ser ikkje vekk frå at det er snakk om det hittil største norske dopbeslaget.

– Det er ei omfattande sak, men vi har enno ikkje full oversikt, seier politiadvokat Steffen Ravnåsen ved Midtre Hålogaland politidistrikt.

Etter å ha planlagd ein samordna aksjon i lang tid, slo politiet 13. desember i fjor til mot sju personar i Herøy, Ulstein, Tromsø og Narvik. Fleire av dei arresterte viste seg å ha større eller mindre roller i samband med produksjon og omsetning, eventuelt at dei hadde bistått med å skaffe stoff og utstyr til produksjon.

Etterforskinga etterpå har vist at hovudbasane har vore Tromsø, Narvik og Herøy der ein mann i 30-åra frå Herøy er mistenkt for å ha vore sentral i pengeinnkrevjinga.

– Det stemmer at etterforskinga hittil tyder på at det vesentlege av produksjonen har skjedd nordafor, seier Ravnåsen. Nettverket har importert anabole steroidar i pulverform frå Kina. Deretter har pulveret vorte omgjort til flytande væske i eit laboratorium.

in mann frå Narvik har i avhøyr vedgått å ha teke imot utstyr for framstilling av anabole steroidar. Postboksar. Dopen har i stor grad vorte seld gjennom internettsider for kroppsbyggjarar. Mykje av stoffet har vorte send gjennom posten. Det same har betalinga for dopen, men det har det også vorte brukt postboksar i andre sine namn.

– Dette er ein metode vi kjenner til frå andre liknande saker, seier Ravnåsen.

tter det Sunnmørsposten kjenner til, har det kosta rundt 600 kroner for eit hetteglas av stoffet. Normalt har ein kur kosta 3000 kroner eller meir. Salssummen for ein kilo av stoffet er dermed på nærare ein million kroner. Om dopbeslaget viser seg å vere det største i Norge, snakkar ein om meir enn ti kilo anabole steroidar til ein salsverdi på rundt ti millionar kroner.

Muskeljakt

Stoffet er sterkt muskelbyggjande, og det er i stor grad kroppsbyggingsmiljøet frå Sunnmøre og nordover som har vore kjøparar av stoffet. Steffen Ravnåsen seier at det er ulovleg å importere, produsere og å selje anabole stereoidar. Derimot er det lovleg å oppbevare inntil ei brukardose.

– Vi kjem høgst truleg ikkje til å gå mot kjøparane. Vi konsentrerer oss om dei som har importert, produsert og seld stoffet. Ravnåsen vil ikkje opplyse om kor mange som har vore sentrale i nettverket.

– Dette er noko av det vi prøvar å finne ut av. Etterforskinga vert leia av Midt Hålogaland politidistrikt, i samarbeid med mellom anna Ulstein og Hareid lensmannskontor.

Ravnåsen seier at det står att mykje etterforsking.

- Men vi tek sikte på å vere ferdige til sommaren.

Grovt

Mennene som vart arresterte 13. desember er sikta for innførsel, tilverking, oppbevaring og sal av dopingmidlar. Dette er grove brotsverk etter dopingparagrafen i straffelova.

– Det kan verte nye arrestasjonar, seier Ravnåsen.

Politiet har samarbeidd nært med Tollvesenet i denne saka, mellom anna gjennom sporing av sendingar av postpakkar. Dersom det viser seg at aktiviteten til nettverket kjem under omgrepet organisert kriminalitet i straffelova, er strafferamma seks år.