– Pedagogisk fallitt

– Å stengje for Facebook på skulen er ei reinspikka pedagogisk fallitterklæring.

  Foto: Knut Arne Aarset

Nyheter

Det seier doktorgradsstipendiat Arne Olav Nygard ved Universitetet i Stavanger.

I regi av fylket held han torsdag foredrag om klasseleiing og pc’ar i klasseromma.

Han har svært lite sans for lektorlagsleiar Olav Myklebust sitt forslag om å forby facebook på den vidaregåande skulen i Møre og Romsdal.



Forbod

Myklebust er lærar ved Volda vidaregåande skule, der 449 av 500 elev-laptopar på ein dag var tilkopla facebook. Myklebust meiner løysinga på problemet må vere å stengje av for facebook på skulen sine serverar.

– Om elevane konsentrerer seg om facebook i staden for undervisninga i timen, er det eit pedagogisk og sosialt problem, ikkje eit teknologisk problem, seier Nygard.

– Facebook i timen er i seg sjølv ei ny utfordring i skulen. Men det å halde kontroll i klasserommet er ei eldgammal utfordring for læraren, seier Nygard.



Klapp igjen

Han meiner forbod og stenging må vere det siste våpenet ein tyr til for å gjenerobre elevane si merksemd.

– Og kva bør vere første våpenet?

– Å seie “klapp igjen laptopen” til elevane. Digitale hjelpemiddel er ein naturleg del av undervisninga, og kjem til å halde fram med å vere det. Men læraren må bestemme når laptopane skal vere oppe og i bruk, seier Nygard.



Sløve

– Er lærarar for sløve, og let elevane sitje med oppslåtte laptopar heile skuletimen?

– Ja, er det for dårleg konsentrasjon må læraren ta kontrollen, og seie at lokket skal klappast igjen oftare. Dette er ikkje annleis enn andre uromoment i undervisninga. Klarer ikkje læraren å takle dette, gjer han eller ho ikkje jobben sin, meiner Nygard.

– Lærarar bør tenkje gjennom kva praksis dei har i klasserommet.



Konsentrasjonstjuv

Leiar Olav Myklebust i Møre og Romsdal lektorlag har fått støtte frå fylkespolitikar Oddbjørn Vatne (Sp), som også har lang erfaring som lærar.

Facebook er ein konsentrasjonstjuv, og at det er på høg tid å setje grenser.

– Men forbod vil altså vere ei fallitterkæring, meiner doktorstipendiat Nygard.

– Det skulle ikkje forundre meg om både lærarar og fylkepolitikarar no og då sjekkar nettaviser eller facebook når dei er på kjedelege møte. Ein kan ikkje møte dette med forbod, seier Nygard.

Kva meiner du? Sei di meining i kommentarfeltet under