Konverterer til Venstre

Tidlegare Ap-ordførar Hannelore Måseide vil kjempe for Ulstein i fire år til.

  Foto: Knut Arne Aarset

Nyheter

– Fleire burde forstå for eit flott parti Venstre er.

Det seier Ulstein-ordfører Hannelore Måseide. I 2007 vart ho for andre gong valt til Ap-ordfører i Ulstein, men i januar 2008 melde ho seg ut av partiet.

No står ho på Venstre-lista til kommunevalget komande høst.

Ikkje pensjonist

– Eg vil ikkje bli pensjonist enno, seier 69-åringen.

– Inn i kommunestyret kjem eg ikkje, for eg står midt nede på lista. Men eg ynskjer å jobbe vidare for Ulstein gjennom partiet og gruppemøtene, særleg på område som har med helse og sosial og frilligheit å gjøre, seier Måseide.

Ein plass i kontrollkomiteen kunne ho rett nok ha tenkt seg, for etter åtte år som ordfører og like lenge som varaordfører meiner ho å ha noko å tilføre der.

Ikkje konservativ

– Kvifor Venstre?

– Det har vore ein lang prosess. Venstre ser mennesket, og satsar på kunnskap og velferd. Næringspolitikken til Venstre likar eg også godt, og miljøpolitikken. Vi har berre ei jord.

– Etter mange år på sosialistisk side, har du blitt moderati konservativ med alderen?

– Hehe, nei, det trur eg ikkje. Venstre har ein like god velferdspolitikk som Arbeiderpartiet, meiner Måseide.

Puslete Ap

– Kva syn har du på ditt gamle parti no, Arbeiderpartiet?

– Eg var nøgd med mykje av politikken som Gro Harlem Brundtland førte. Etter at partiet gjekk i samarbeid med SV og Senterpartiet har det blitt vel mange hestehandler.

– Er det spesielle saker du tenkjer på?

– Det er slik over hele linjen. Men eg synes helt klart at partiet fører ein puslete samferdslepolitikk. Vi sit på den grøne grein, har pengar, men det er lite vilje til å satse frå regjeringen si side. Og så skal alle være like, også på skulen. Dei flinke vert haldne tilbake, og nokre droppar ut, seier Måseide.

Fleire overraskingar

Den mangeårige Ap-ordføreren er ikkje einaste konvertitten på Ulstein Venstre si valgliste til høsten:

Måseide sin gamle partikamerat, Eldar Knotten, også han Ap-veteran, står på Venstre-lista. Knotten er i dag leiar i kontrollkomiteen i Ulstein.

Den tredje store overraskinga på lista er Håkon Waage, tidlegare Høgre-leiar og mangeårig formannskapsmedlem frå Høgre.