Kva er det med Flø?

I kveld prøver NRK1 å svare på kvifor bygda Flø med 168 innbyggarar er verdskjend.

  Foto: Marius Beck Dahle

Nyheter

NRK seier Flø er ei bygd med 168 innbyggarar, nedlagt skule og nedlagt butikk, motvind og gjødsellukt, så kva er det som gjer at du her på ein gjennomsnittleg dag kan snuble overe Magne Furuholmen eller Moods of Norway-gründerane.

I NRK sin programomtale heiter det at Få kjenner bygda som Erling Ove Flø.

- Bonden har budd her heile sitt liv, no merkar han at Flø ikkje er som før.For det har skjedd endringar siste året. Det skuldast ikkje berre tyske fisketuristar. Og ikkje berre dugnadsånd og gode naboar. Mykje tyder på at ein ivrig innflyttar har ein finger med i spelet.

Hugo Opdal flytta til Flø for nokre år sidan.

- Ein mann med gode kontaktar og godt humør. Men han har det travelt.I løpet av dei neste fem dagane skal han pusse opp galleriet sitt, opne kunstutstilling, utvide klebutikken sin, arrangere festival og vere vert for verdsstjerner. Utrulege ting kan skje viss ein brukar begeistring som verkemiddel.

NRK seier Hugo har klart å få verda til Flø.

- Og for Flø har populariteten hatt forbausande konsekvensar, som at ein mann i ei bygd utan matbutikk no kan få kjøpt same klede som i Hollywood. Magne Furuholmen har danna supergruppa Apparatjik saman med musikarar frå verdens-gruppene Coldplay og Mew. Sin fyrste konsert spelte dei i Berlin, den andre i den nedlagde gymnastikksalen på Flø.