Ampert møte med Eid-aksjonistar

Liv Signe Navarsete let seg provosere av sjukehusaksjonistar då ho kom til Senterparti-møtet i Eid onsdag kveld.
Nyheter

Sjukehusaksjonist Janne Endal Andersson hadde avtalt møte med statsråden før det lukka medlemsmøtet, og det ho sa fekk statsråden til å bli skikkeleg provosert.

- Det var eit sterkt møte, med ein viktig bodskap. Eg fekk sagt det eg hadde på hjartet, seier Endal Andersson - som oppmoda Navarsete om å kjempe vidare for Nordfjord sjukehus for å ha truverd.

Sentralisering

Andersson sa at ho meiner regjeringa og Sp driv sentraliseringpolitikk og distriktsnedbygging, ikkje distriktsutvikling. Og det fekk Navarsete til å tenne. Ho likte heller ikkje det Andersson sa om at ho burde trekke seg etter nederlaget om sjukehuset.

- Ho bør ta konsekvensen av det som har skjedd. Viss ikkje denne saka er verd å trekke seg for, kva er viktigare? Og kva truverd har ho då? Då har ho ikkje reell makt i regjeringa, seier Andersson.

Overkøyrd

På NRK Sogn og Fjordane si morgonsending onsdag gjekk Navarsete ut og sa at ho følte seg totalt overkøyrd i sjukehussaka.

- Eg er overkøyrd og trampa ned i denne saka. Denne saka er ei hjartesak for meg, og sjølv om eg vanlegvis er lojal med det regjeringa har bestemt, må eg få sagt til folket i Sogn og Fjordane at eg i denne saka er totalt overkøyrd, sa Navarsete til NRK.