Gjorde opp med statsråden

I dag stod Navarsete igjen ansikt til ansikt med sjukehusaksjonisten.
Nyheter

Forstår du reaksjonen frå Navarsete? Bruk kommentarfeltet !

Sjukehusaksjonist Janne Endal Andersson og statsråd Liv Signe Navarsete stod torsdag igjen ansikt til ansikt med kvarandre, i eit slags forsoningsmøte i Jølster.

Kommunalministeren har fått gjennomgå etter at ho onsdag kveld mista fatninga framfor ope kamera i møtet med sjukehusaksjonisten frå Nordfjord.

Les også: Ampert møte med Eid-aksjonistar

Sjå innslaget på NRK: – Du veit ikkje kva du snakkar om

Torsdag var tida inne for å beklage. Andersson sjølve seier ho allereie har lagt episoden bak seg.

– Navarsete ringte meg i går og bad om unnskyldning, men eg trur det var godt for henne å gjere det ansikt til ansikt. For min del var dette ei god mulegheit til å kjempe vidare for Nordfjord sjukehus, fortel ho til Smp.no.

– Men dei kjenslene ho viste i går, er slike kjensler folk i Nordfjord kjenner på når dei blir fråtekne grunnleggjande behov som eit trygt og godt helsetilbod, påpeiker Andersson.

Forstår reaksjonen

Liv Signe Navarsete blei tydeleg oppbrakt då ho blei konfrontert med vedtaket om å legge ned fødeavdelinga og ortopediavdelinga i Nordfjord.

Utbrotet kom då Sp-leiaren fekk servert påstandar om at paritet stod for ein politikk som innebar distriktsnedbygging når dei ofrar avdelingane i Nordfjord, til fordel for eit sentralsjukehus i Førde. Sjukehusaksjonisten forstår at kommunalministeren blei sint.

– Det er ikkje god distriktspolitikk for Sogn og Fjordane, og det veit ho. Difor tennar ho på alle pluggar, meiner Andersson.

Les også: – Hatefull stemning på Eid

– Bør ut av regjeringa

Men ho kan ikkje forstå kvifor Senterpartiet framleis ønskjer å vere i regjering med Arbeiderpartiet og SV.

– Viss dei ikkje har makt og kan påverke i ei så viktig sak, kva saker skal dei då ha innverknad på, spør Andersson.

– Fekk du noko grunn til å vere større optimist med tanke på framtida for Nordfjord sjukehus?

– Eg håpar og trur at Navarsete vil helde fram og kjempe for ein senterpartipolitikk slik den har vore. Dei kan ikkje lenger finne seg i å bli overkøyrt av Arbeiderpartiet, seier Andersson.

Helseministeren: – Endringene gir bedre fødeavdelinger

Forstår du reaksjonen frå Navarsete? Bruk kommentarfeltet !