Olympic-reiarlaget med store planar

Ønskjer å byggje krillanlegg i Herøy.

Vi har søkt om opsjon i to år, og har som mål i kome i gang før det.

Stig Remøy
Nyheter

Satsinga er på planleggingsstadiet, og Stig Remøy i Olympic held førebels korta tett til brystet.

– Vi har planar som heng saman med vår krillsatsing i Sørishavet. Det handlar om korleis vi kan bearbeide produkta våre, for å få mest muleg verdiskaping, seier Stig Remøy. Gjennom selskapet Olympic Holding har han søkt Herøy kommune om opsjon i to år på eit næringsareal på Mjølstadneset.

I følge sakspapira er bakgrunnen for søknaden «muleg etablering av eit produksjonsanlegg for bioteknologi, og eit administrasjonsbygg for Olympic- konsernet på Mjølstadneset».

– Søknaden kan vere starten på eit større nærings- og industriprosjekt i Herøy kommune, skriv kommuneadministrasjonen i sakspapira.

Tomt

Det omsøkte tomtearealet er på 26 mål og er regulert til bruk for fiskeriformål. Stig Remøy i Olympic seier det ikkje er fatta endeleg avgjerd om utbygginga.

– Men vi har søkt om opsjon i to år, og har som mål i kome i gang før det, seier Stig Remøy.

Olympic-reiarlaget er hovudeigar i krilltrålaren «Juvel», eit av tre store norske krillprosjekt i Sørishavet. Reiarlaget deltek i kampen om å få krillkonsesjon nummer to, og er med det med det klar for å doble innsatsen.

Les også: Vil doble i krill

Krill inneheld mykje omega 3 – feittsyrer og andre helsefremjande stoff, men krillselskapa må gjere mykje nybrotsarbeid også på produkt, og salssida.

– Førebels har krillsatsinga gått som planlagt. Vi har store planar om vidare utvikling, men detaljane er det for tidleg å gå ut med seier Stig Remøy.

Juvel

I tillegg til eit krillanlegg ønskjer Olympic å byggje administrasjonsbygg i Mjølstadneset. Tomta ligg ikkje så langt frå Havila sitt påkosta bygg «Diamanten».

– Kva vil bygget koste?

– Det har eg ikkje oversikt over, men det blir nok ein del, svarer Stig Remøy.

– Namnet burde vel seie seg sjølv, nemleg «Juvelen»?

– Det er dine ord, men kanskje ingen dum ide.

Relaterte saker: