– Tusen takk for oss!

Eit norsk popkapittel er ferdigskrive.

  Foto: Eirik Slyngstad

  Foto: Eirik Slyngstad

Nyheter

Har du en avskjedshilsen, eller lyst til å dele en historie om The Margarets? Bruk kommentarfeltet !

Vokalist Alex Rinde skal til å legge på. Han ber om orsaking for at han har prata så mykje. No er det berre ein ting til, men den eine tingen er viktigare enn alt det andre han har sagt.

– Skriv det du vil. Men det er noko du må love å ta med, uansett. Og det er ei stor takk til alle dei som har heia på oss. Det har varma. Mykje.

Siste dagen

Torsdag vart det altså offisielt: The Margarets er ikkje lenger eit band. Som seg hør og bør var det lokalavisa Øy-Blikk som kom med kunngjeringa, etter at bandet har gått med pauseknappen inne eit par år. Sjølv om slutten har kome gradvis, er det ikkje lett for Alex Rinde å sette ord på kvifor.

– Det er vel sjeldan ein enkelt faktor som fører til slikt. Men vi er på forskjellige plassar i livet. Det har lenge vore vanskeleg å samle nok energi til å ha fokus på bandet, og då vi fekk tilbod om å gjere filmmusikken til ein ny tv-serie fekk vi på ein måte eit høve til å setje oss ned og diskutere kor vi skulle gå, seier Rinde.

20 år

The Margarets starta i 1991. I løpet av det første halve året dei eksisterte, skreiv dei 30 låtar. Den energien har ikkje vore til stades på nokre år, seier Alex.

Då debutplata «What Kept You» endeleg kom i 2001, selde The Margarets over 30.000 eksemplar. I ein landsdel som ikkje har vore plaga med overvettes mange popsensasjonar, vart dei meir eller mindre for ein populærmusikalsk institusjon å rekne i åra fram til dei to siste platene kom i 2008.

– Eg føler at vi var på topp i dei åra, frå 2007 til 2008. Då hadde The Margarets blitt eit godt liveband. Det var godt å gå på scena og kjenne at no sit det, no har vi noko å fare med. Vi spelte i London, i Manchester. Og i all audmjuke – vi kjende at vi var eit godt hakk betre enn dei vi delte scene med.

Notida

Derfrå gjekk det ikkje heilt The Margarets sin veg. Familie, andre musikalske prosjekt og framtidsplanar åt opp den tida som hadde vore via bandet.

I dag er Ante Giskeødegård og Lars Berg Giskeødegård festivalgründarar og står bak mellom anna Sommerfesten. Rune Berg, som stifta bandet saman med Alex, driv studio i Kolbotn og planlegg å gi ut ei akustisk plate saman med Alex. Ronnie M.A.G. Larsen er nokre gongar med dei to på scena, og er elles forfattar og lærar på filmlinja ved Holtekilen Folkehøgskule.

Potensialet

Men The Margarets, det er dei ikkje lenger. Ikkje ein gong den faste konserten på Sommerfesten blir det noko av.

– Blir det ikkje ein gong ein avskjedskonsert?

– Ikkje slik det ser ut no.

– Og gjenforeninga? Om ti år?

– Slikt veit ein ikkje.

– Men nådde de toppen? Er her og no så langt The Margarets kunne nå?

– Spør du meg, var The Margarets aldri i nærleiken av å nå det potensialet vi hadde. Det kjem eg alltid til å meine.

– Er det ikkje synd å gje seg då?

– The Margarets har vore ein veldig stor del av liva våre. Og kanskje har vi vore heldige og sett merke på nokre andre også. Det er klart det er vemodig å seie at no er bandet historie. Men samstundes er det ei naturleg utvikling. Og vi er heldigvis gode vener. Der er det ikkje alle eks-band som er etter å ha site i same rom i 20 år, seier Alex Rinde.



Sjå konsertopptaka med The Margarets:

Sommerfesten 2008

Jugendfest 2008

Intimkonsert 2008

Sommerfest 2009

Har du en avskjedshilsen, eller lyst til å dele en historie om The Margarets? Bruk kommentarfeltet !