Eventyr kan bli katastrofe

Lakseeventyret i Ørstavassdraget kan vere i ferd med å utvikle seg til ein genetisk katastrofe.

  Foto: Knut Arne Aarset

  Foto: Knut Arne Aarset

  Foto: Knut Arne Aarset

  Foto: Knut Arne Aarset

  Foto: Knut Arne Aarset

Dette er saka
Nyheter

Tidlegare denne veka rapporterte jublande laksefiskarar at det ikkje hadde vore fiska så mykje stor fisk sidan 1970-talet, og måndag vart det fiska nær femti ruggar på fire til ti kilo.

Bombesikker

Roger Korsnes (73) frå Hareid er hundre prosent sikker:

– Dette er rømt oppdrettslaks. Og det same gjeld dessverre for all laksen eg har sett her siste dagane, hevdar han.

Han har fiska i Ørstaelva kvar sesong sidan 1964, og han var med på eventyret på 1970-talet. No er han altså ikkje i tvil:

– Dette er ikkje Ørsta-laks. Fisken er for feit, og gjellene er avkorta. Men det er truleg fisk som har gått ute i havet i minst to år, for han er fin og har ikkje dei heilt tydelege teikna på oppdrett, seier Korsnes.

Fritt fiske

Han og mange andre fiskarar i Ørstavassdraget sender no inn skjellprøver for å få frykta si stadfesta.

– Men svaret er gitt. Og det er jo unaturleg at elva plutseleg er full av fisk etter alle dei magre åra, seier Korsnes, som meiner elva må fiskast tom for å reinske opp. Fritt fiske må vere løysinga, meiner han.

Også i Austefjorden

Det var nokre mil unna at mistanken om invasjon av oppdrettslaks dukka opp sist veke. Fyrdselva i Austefjorden er i år stengd for fiske på grunn av mangelfulle rapporteringsrutinar.

Laksefiskar Knut Magne Årseth oppdaga at det var noko heilt unormalt i elva.

– Det stod førti laks i ein høl og femti i ein annan. Slikt er heilt unaturleg, så eg kontakta fylkesmannen for å få løyve til å gjere prøvefiske, fortel Årseth.

Laksen såg fin ut, men innvendig var organa samanvaksne.

– Eit klart teikn på at dette var vaksinert oppdrettslaks. Det som er i ferd med å skje no, er ei økologisk katastrofe. Villaksstammen vert utradert på kort tid når det kjem ein invasjon som dette, fryktar Årseth.

Slo alarm

Då han i Sunnmørsposten torsdag las om rekordfisket i Ørstaelva, alarmerte han umiddelbart Ørsta Jeger og Fisk. Og no er skjellprøver på veg frå begge elvane - til Direktoratet for Naturforvaltning.

Heller ikkje Årseth er i tvil: Dette er invasjon av oppdrettslaks som rømde frå merdane som småfisk for to år sidan, kanskje lenger også.

Makteslause

– Truleg er det svært lite vi kan gjere når invasjonen er så omfattande og kjem så tidleg. Å fiske elva rein er jo heilt umuleg, seier Årseth.