Framleis laksealarm

– Skjellprøver kan vere vanskelege å tolke, og ikkje nok til å fastslå om det er villaks eller oppdrettsfisk.

  Foto: Svein Aam.

At villaksstammen på så kort tid eksploderer er usannsynleg.

Sigurdur Olav Stefansson

  Foto: Universitetet i Bergen

Nyheter

Det seier Sigurdur Olav Stefansson, professor i fiskeribiologi ved Universitetet i Bergen.

I førre veke eksploderte laksefisket i Ørstaelva. Etter magre år vart titals lakseruggar halte på land. Straks etter gjekk alarmen, etter mistanke om at det var store mengder oppdrettslaks som gjekk opp elvane etter to år i havet.

Få oppdrettslaks

Skjellprøver vart tekne, og måndag kom svaret frå Norsk institutt for Naturforsking: Skjellprøvene viste at berre ein av 21 laks var oppdrettsfisk.

I Ørsta jubla laksefiskarane, men det kan vere for tidleg.

Usannsynleg. – Ingen grunn til å avblåse alarmen no, snarare tvert imot. Det som skjer i Ørstaelva og i andre elvar i området er svært uvanleg. At villaksstammen på så kort tid eksploderer er svært uventa, ja, faktisk usannsynleg også, seier Stefansson.

Innvollar.

– Men skjellprøvene viser jo at det er villaks?

– Prøvene kan vere vanskelege å tolke. Fiskarane må også sjå etter avkorta gjeller og samanvaksne innvollar. Fisk som har dette er oppdrettsfisk. Eg har aldri sett ein villaks med samanvaksne innvollar, då dette kjem av vaksinering, seier Stefansson.

13 av 14.

Laksefiskar Roger Korsnes fekk måndag og tysdag fire laks, og meiner alle hadde samanvaksne innvollar.

I Fyrdselva fortel Knut Magne Årseth om det same:

– Vi undersøkte innvollane på fjorten fisk, og tretten av dei hadde samanvaksne innvollar. Eg er ikkje i tvil om at dette er oppdrettsfisk. Og dei ser ut som dei er støypte i same forma – nesten alle veg frå fire til seks kilo, og lengda er 74 til 82 centimeter, seier Årseth.

Mange elvar.

Han konstaterer at heile området vrimlar av slik fisk, også Bjørkeelva og Kilselva, der det knapt har vore fisk på tjue år.

– At nokon kan tru at dette er naturleg er meg ei gåte. Vi må ta DNA-prøver av laksen, og ikkje slå oss til ro etter nokre skjellprøver tekne i Ørsta, seier Årseth.

Også i Bondalselva, i Driva og Aure er det store mengder laks, og det vert sendt inn prøver til Norsk institutt for Naturforsking.

Svara er venta ein av første dagane.

Unormalt.

I løpet av dei tre vekene sesongen har vart, har det blitt fiska 400 laks i Ørstaelva, – like mykje som på ein og ein halv månad i fjor – som var beste sesongen på årevis. Og det er altså tatt mykje stor fisk.

– Dette er unormalt. Eg veit også at Ørstaelva er ei pjakkelv, og eg har sjølv fiska der. Då fekk eg ein fisk på mellom eitt og to kilo, fortel professor Stefansson.