Populære skjemtegaukar

Skjemtegaukfestivalen har blitt ein tradisjon. Fredag og laurdag underheldt fleire av landets beste stand-up-komikarar på Kaffebaren i Ulsteinvik, til stor jubel ifrå dei frammøtte.
Nyheter

Miljøet knytt til denne typen artistar er enno mannsdominert, noko som også spegla seg i artistlista til årets festival. Kritiske røyster meiner det kan bli vel mykje underlivshumor som blir servert publikum, men hos dei frammøtte på Kaffebaren sat i alle fall latteren laust laurdag kveld.

Med stinn brakke kunne både vertskapet og Skjemtegauk-gründerande puste letta ut.

"Blipp"

Og Stian ”Blipp” Glopholm kunne smile breidt, etter å ha vunne tittelen ”Årets Skjemtegauk”.

Dag Sørås - eitt av stjerneskota i stand-up-bransjen, med sin populære VG-blogg og si faste spalte i TV-underhaldningsprogrammet Showman - blir hevda å vere ein av dei mest kompromisslause yrkeskomikarane i kongeriket. Men ikkje alt klaffa like bra laurdag kveld. Vår avdøde, kjære diva -Wenche Foss - blei tulla med, truleg i litt for grove og upassande ordelag til at publikum for kvelden ville gå god for det.

Sørås hadde vesentleg meir hell med seg då han med lun sjølvironi la ut om flyskrekken sin, og ein grusom flytur saman med Terje Sporsem. Ålesundaren hadde følgt med ein dokumentarserie om flyulykker, og lagt ut i detalj til sin stand-up-kollega og venn om kva som skjer med flymotorar som eksploderer. Ikkje uventa hadde Sørås, med sitt usedvanlege hell, blitt tildelt eit sete nærast ein av flymotorane. Først ironisk om kor ”heldig” han følte seg, men så oppdaga nordlendingen det geniale i at dersom ei ulykke skulle inntreffe, så ville han i alle fall ikkje kunne få ein raskare og mindre smertefri død.

Levande lydmaskin

Stian ”Blipp” Glopholm hadde jerngrep på publikum. Bergensaren er ein levande lydmaskin og brukar talentet sitt for det det er verdt. Responsen frå publikum varma den joviale artisten:

- Det var veldig hyggeleg. Eg hadde ei god oppleving på scena og merka med ein gong at dette var eit takksamt publikum, seier ”Årets Skjemtegauk”, før han legg til:

- Men i denne bransjen kan du ikkje kome med kva som helst. Då vil du gå rett på trynet. Du må vere førebudd på det du skal levere og gi alt, frå start til mål. Det å opptre på ein såpass liten stad som Ulsteinvik kjennest også veldig annleis enn å stå på scena i dei største byane. Eg føler meg så velkomen her. Det er som om heile bygda har kome for å høyre på meg, smiler ”Blipp”, som fortel at han vaks opp i Tsjernobyl og veit alt om radioaktiv stråling og dei tinga der. Det var forresten på grunn av eit elendig fritidstilbod i byen der den vidgjetne reaktorulykka fann stad, at bergensaren utvikla lydkunstar i verdsklasse.

Spre glede

- Det der er ei greie som eg trur alle kan få til, berre dei øver nok, insisterer Blipp, og indikerer at han slett ikkje vart fødd med denne eigenskapen.

- Den viktigaste oppgåva vi har, som stand-up-komikarar, er å sørge for at folk har det gøy. Og det er ikkje alltid så enkelt som folk trur. Men om eg kunne ønskje noko skulle bli sagt i mi eiga gravferd, så måtte det vere at eg spreidde glede rundt meg, seier Inge Connolly Gran.