Hakallegarden får pris

Kulturlandskapsprisen for 2011 i Møre og Romsdal går til Aina og Olav Krakset på Hakallegarden i Vanylven.
Nyheter

Paret får prisen for arbeidet sitt med å gjere bruket sitt om til ein opplevingsgard. Hakallegarden er blitt ein ettertrakta besøksstad både for born og vaksne, melder Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Les Sunnmørspostens kortreist-reportasje frå garden

Fylkesmannen deler årleg ut ein kulturlandskapspris til grunneigarar eller lag som markerer seg på ein positiv måte i arbeidet med kulturlandskapet. Prisen vert gjeven til gode ambassadørar for bygde-Norge og for landbruket. Drifta skal medverke til ei positiv fokusering på dei verdiane som landbruket representerer.

Fråflytta

Då Olav kjøpte bruket i 1991, hadde det vore fråflytta i mange år. Det var eit stort behov for restaurering av bygningar, tun og jordbruksareal. Arbeidet vart sett i gang, og han skaffa seg husdyr og dreiv kjøtproduksjon på sau og storfe. På denne tida var bygda også inne i ei negativ utvikling med fråflytting og det vart sett i gang eit bygdemobiliseringsprosjekt.

Turistar

I 2006 starta Aina og Olav med planar om å utvikle bruket til ein opplevingsgard og ha eit tilbod til turistar. Dei har bygd ut bruket gradvis og lagt til rette for desse næringane. Sommaren 2007 starta dei med ei prøveordning med å ha ope kvar søndag om sommaren. Dette har dei lukkast med og dei har no eit ettertrakta tilbod som er ope 3 dagar i veka om sommaren og kvar søndag elles i året. Det er godt besøk på desse dagane, ikkje berre av folk lokalt, men også frå nabokommunar og også lenger i frå. Tunet og bygningane vert brukte i samband med dette. Dei har mange dyreslag som er svært populære: Hest, alpakka, sau, geit, skotsk høglandsfe, esel, gris og ymse fuglar og smådyr. I løa er det innreidd kafe med utsyn over Stadhavet og det er salslokale i 2. etasje. Born kan drive med mange aktivitetar.

Utnytte ressursar

Aina og Olav har lagt vekt på å utnytte ressursane på bruket. Bygningane, tunet og jordbruksarealet er velstelt, ryddig og fint. Dei har lagt vekt på å gjere ting annleis, utradisjonelt og overraskande og det har dei lukkast med. Aina er kunstnar og det har sett sitt preg på utforming av lokala, bygningane og tunet. Aktiviteten på bruket er også eit positivt innslag i å snu trenden med fråflytting. Aktivitetane på Hakallegarden har vorte godt mottekne. Sjå nettside for meir informasjon.

Prisen er på 10 000 kroner og eit kunstverk. Prisutdelinga vil finne stad 6. september under Landbrukskonferansen 2011 på Union hotell Geiranger.