Venstre får både ordførar og varaordførar

Valvinnar Alfred Bjørlo (V) blir ny ordførar i Eid, men partiet har også sikra seg varaordføraren i kommunen.

  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Nyheter

Dette blei klart natt til tysdag, etter samtaler mellom Venstre og Høgre. Dei to partia har signert avtale, som sikrar fleirtalet i kommunestyret.

- Høgre ville ikkje ha varaordføraren, seier leiar i Eid Venstre, Gunvald Ludvigsen.

Fekk tilbod

Venstre mangla to representantar for å få reint fleirtal i Eid, og med Høgre sine fire representantar er fleirtalet sikra. Kven som blir varaordførar var i natt enno ikkje klart.

Høgre fekk tilbod om å få varaordførar, men takka altså nei.

- Vi får heller ein ekstra representant i formannskapet og ein utvalsleiar. Vi har også fått ei form for forsikring om å samarbeide for å unngå eigedomsskatt, fortel Toril O. Fjørtoft i Høgre.

Høgre har gjort eit godt val på landsplan, og Fjørtoft konstaterer at partiet likevel gjekk tilbake i Eid.

- Ein del Høgre-veljarar har gått til Venstre, seier ho.

Diskuterte med Sp

Ifølgje Ludvigsen var Venstre mest interessert i at eit anna parti skulle få varaordførar.

- Høgre var aktuelt, men dei prioriterte annleis. Vi diskuterte også med Senterpartiet, men dei var ikkje innstilt på det, seier Ludvigsen og viser til at Sp med sine seks representantar sikra to representantar i alle utvala og såleis ikkje var avhengig av avtale med andre.

Ludvigsen understrekar at sjølv om Venstre no er blitt eit stort parti i Eid, så ønskjer dei å bygge alliansar og samarbeide, også med Sp. Senterpartiet skal få leiarvervet i det nye utvalet som er kalla samfunnsutviklingsutvalet, viss dei vil.

Det politiske landskapet i Eid blir svært endra dei neste fire åra. Venstre får tre i formannskapet. Dei kunne teke fire, men har altså gitt vekk eitt til Høgre som får to. Sp får også to. Ap og SV får ein saman. Det same får KrF og Frp.