Flo er ny ordførar i Stryn

Sven Flo frå Høgre er ny ordførar i Stryn. Det er klart etter at partiet tysdag kveld kom i mål med forhandlingane med Arbeidarpartiet og Venstre.

  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Nyheter

Arbeidarpartiet har hatt ordføraren siste 12 åra i Stryn, men når Nils Støyva gir seg er det klart for Sven Flo i ordførarstolen. Kolbjørn Roset frå Arbeidarpartiet blir ny varaordførar.

Venstre har også fått noko igjen for avtalen, og det er klart at Bernhard Hole får plass i formannskapet.

Disse ble valgt inn i Stryn

Frå Oslo

Sven Flo (48) er busett i Hjelledalen, har slektsrøter i Stryn, men er sjølv opphavleg frå Oslo. Siste åra har han vore dagleg leiar for Inkubator Vest, med arbeidsplass i Stryn næringshage.

Og næringsutvikling er noko av det han vil jobbe vidare med som ordførar.

– Dette blir veldig spennande. Eg er veldig motivert for jobben, seier Flo som har brukt mykje tid til valkamp.

Tok tid

Forhandlingane med dei andre partia tok lenger tid enn rekna med, og Flo seier at det lett kunne ha blitt andre løysingar

– Men Arbeidarpartiet og Venstre var naturlege samarbeidspartnarar, meiner Flo.