Ny leiarduo i Ørsta

Påtroppande ordførar Rune Hovde (H) får KrF sin Paul Kristian Hovden som varaordførar.

  Foto: Svein Nordal

Nyheter

- Med tanke på dei politiske partia sin oppslutnad og dei personlege røystene trur eg at vi her gjenspeglar folkeviljen, seier Hovde, som vert innsett som ny Ørsta-ordførar på kommunestyremøtet den 20. oktober.

Etter to periodar med raudgrønt fleirtal i Ørsta er det no klart for fire år med eit solid borgarleg fleirtal. Partia Høgre, Venstre, KrF og Frp har til saman erobra tjue av dei 33 stolane i kommunestyret.

Dei raudgrøne regjeringspartia Ap, SV og Sp får lite makt med tretten representantar i kommunestyret, og berre tre av dei ni formannskapsmedlemmene.

Ønskjer ikkje skarp front

Formannskapet får to Høgre-representantar, to frå Frp, ein frå KrF (varaordføraren) og ein frå Venstre. Hovde ynskjer ikkje ein skarp front mot dei raudgrøne.

- Eg vil vere ein samlande ordførar, og inviterer dei raudgrøne til samarbeid om gode saker til beste for Ørsta, og at vi saman profilerer Ørsta på ein positiv måte. Eg har allereie tatt bort Høgre-merket frå facebook-profilen min, og vil erstatte det med Ørsta sitt kommunevåpen. Valkampen er over, og no skal vi vere konstruktive og samarbeide om ei god utvikling av heile kommunen, seier Hovde.

Vil ut av Robek

Han trekkjer fram betre økonomistyring – så Ørsta kjem ut av verstinglista Robek seinast neste år – og realisering av fleirbrukshallen som svært viktige saker i tida som kjem.

– Før perioden er over, skal bygginga av fleirbrukshallen vere i gang. Men først må vi ut av Robek, og styre økonomien vår sjølv, seier Hovde.

Tidlegare Frp-ordførar Hans Olav Myklebust var den andre sannsynlege kandidaten til vervet som varaordførar. Men der er ingen sure miner å spore for at han ikkje får det vervet.

- Nei, Frp er nøgde med forhandlingsresultatet. Vi har hatt ein svært god tone, vi gjev og tek, og vi er nøgde med to formannskapsmedlemmer og leiaren i to av dei tre andre politiske utvala, seier Myklebust.