Petter frå papp til politikk

Petter Lyshol (61) har arbeidd mesteparten av livet i emballasjebransjen. No blir han ny ordførar i Sykkylven.

  Foto: Sindre Halkjelsvik

  Foto: Sindre Halkjelsvik

Nyheter

Lyshol tek over etter Jan Kåre Aurdal (KrF).

– På grunn av datakrasj vart det først klart halv ni tysdag morgon at eg hadde fått flest personlege røyster, fortel Petter Lyshol.

Høgre gjorde eit godt val og vart det største partiet i kommunen. Men ettersom partiet ikkje vart samde om nokon ordførarkandidat og ikkje hadde kumulert liste – var det opp til veljarane å bestemme. Dei ville ha Lyshol.

Samarbeid mellom fire parti

I går vart Høgre, Frp, Venstre og KrF i Sykkylven einige om eit samarbeid, og dermed får Lyshol med seg Olav Harald Ulstein frå Frp som varaordførar.

– Vi bestemte oss for å tildele verv ut frå røystetala. Difor får Ap leiaren i levekårsutvalet, Frp leiaren i NU, Venstre nestleiaren i NU, Høgre nestleiaren i levekårsutvalet og Senterpartiet får leiaren i kontrollutvalet.

Lyshol kjem frå jobben som salssjef i norsk/nederlandske West Pack AS, med kontor i Ålesund.

Brått på

No blir det politikk på heiltid:

– Det er både spanande og litt skremmande. Det heile kom litt brått på. Så noko programerklæring har eg ikkje, men det hastar med å ta grep i den alvorlege, økonomiske situasjonen – og å rydde opp i administrasjonen.

– Dessutan er eg framleis oppteken av å få ny aktivitet til Sykkylven, å få større ferjer, arbeide med Storfjordsambandet – og eg har ikkje lagt veg ideen om ein veg frå Velledalen til Øye som kan nå tak i Kvivsvegen, seier Petter Lyshol, som for mange er kjend som tidlegare fotballdommar og leiar i Sunnmøre Fotballkrets.