Hauststorm rundt Stad skipstunnel

Fiskeriministeren skaper bølgjer med sin utsegner om Stad skipstunnel. – Berre sprøyt, seier Harald Tom Nesvik (FrP)
Nyheter

Les meir om denne saka i Sunnmørsposten tysdag

Ifølgje NRK går det mot konsekvensutgreiing nummer 18 om Stad Skipstunnell. Spørsmålet om tunnelen må stengast i dårleg ver er ikkje skikkeleg utgreidd.

Usikker på om båtane treff holet

– Det har med å gjere om båtane faktisk treff holet, eller straumforhold eller bølgjeforhold, både utanfor og inni tunnelen, sa fiskeriministeren Lisbeth Berg-Hansen til NRK måndag.

– Er det ikkje litt merkeleg at dette spørsmålet dukkar opp no?

– Det kan ein seie. Tunnelen er jo absolutt tenkt brukt i dårleg vêr, og då burde den kunne brukast i slikt vêr også. Eg er i alle fall veldig glad for at dette vart avdekka no, slik at vi kan få greia ut det, sa fiskeriministeren.

– Uthalingstaktikk

Utsegna har provosert både sjøfolk og politikarar.

– Dette er berre sprøyt. Det er nok eit forsøk på uthalingstaktikk, seier stortingsrepresentant Harald Tom Nesvik (FrP)

Han meiner det er meir enn nok utgreiingar frå før.

– Det er brukt millionar av kroner på utgreiingar, og ein prøver stadig å finne på nye grunnar til ikkje å gå vidare med prosjektet. Tydelegvis våga dei ikkje å seie dette før valet. Eg vil spørje fiskeriministeren personleg om kva ho held på med, seier ein irritert Harald Tom Nesvik.