Jon Aasen (Ap) tilbake som fylkesordførar

Det formelle valet av ny fylkesordførar i Møre og Romsdal vart gjort i Geiranger måndag.

  Foto: Petter Sandvik

Nyheter

Arbeiderpartipolitikaren Jon Aasen er tilbake som fylkesordførar i Møre og Romsdal, fire år etter at han måtte gje vervet til Olav Bratland (H).

Det skjedde etter at fylkesvaraordførar Svein Atle Roseth (KrF) bytta side. Han går no heilt ut av fylkespolitikken.

Les også: Prisar for trafikktrygging og likestilling

Gunn Berit Gjerde (V) vert ny fylkesvaraordførar for neste periode.

Det er små marginer mellom dei to blokkene i fylkespolitikken, og ved avrøystinga som skjedde skriftleg fekk Aasen 24 stemmer medan Helge Orten (H) fekk 23. Steinar Reiten (KrF) var motkandidat til Gjerde som fylkesvaraordførar.

Avtroppande fylkesordførar Olav Bratland (H) trudde Jon Aasen (Ap) kunne verte eit god fylkesordførar, og viste til hans mange år som ordførar i Vanylven og fylkesordførar i perioden fram til 2007.