Ny India-kontrakt for Havyard

Herøy-baserte Havyard Group AS har signert kontrakt med det indiske reiarlaget Global Offshore Ltd om levering av eit PSV-skip.
Nyheter

I tillegg har Havila opsjon på levering av eitt til skip til det indiske selskapet, opplyser Havila i ei pressemelding.

Det indiske rediarlaget heitte opphaveleg Garware Offshore, men har nyleg skifta til eit meir globalt namn ettersom selskapet no opererer i heile verda. Selskapet er børsgergistrert i Mumbai og har tolv fartøy i drift.

500 millioner kroner

Konsernsjef i Havyard Group AS, Geir Johan Bakke, er strålande fornøgd med den nye kontrakten der den totale kontraktsummen ligg på rundt 500 millioner kroner.

- Global Offshore Ltd er ein svært god kunde av oss. Dette vert bygg nummer seks og sju som verftet vårt i Leirvik vil levere til reiarlaget.

Bakke opplyser at Havyard Group vil setje vekk utrustinga av fartøya til Havyard-verftet i Leirvik.

Godt nytt for fleire

Dei to fartøya skal leverast i første og andre kvartal 2013.

-Dette vil også medføre betydelige underleveransar for andre forretningsområde som Havyard Design & Engineering og Havyard Power & Systems. Dessutan vil Norwegian Electric Systems, der Havyard Group er medeigar, levere komplett elektrisk fremdrift, opplyser Bakke.