Hjørundfjordstranda rasert

Får ikkje straumen tilbake før fredag, melder Tussa. Andre bygder har fått forsyninga tilbake i dag, sjå oversikta her.

  Foto: Tussa

Nyheter

Svært mykje skader gjer at strekninga mellom Sagelva, Saltre og Brattheim i Ørsta ikkje kan håpe på straum før fredag, melder Tussa på sine nettsider i ettermiddag.

Leknes, Urke og Ytre Hovden fekk att straumen i ettermiddag, saman med Bjørkedal og Austefjorden i Volda.

Tussa-abonnentar i Alida i Volda og i Hornindal er også straumlause. I sistnemnde bygd arbeidast det med å koble på fleire aggregat.

Tafjord melder at alle feil på nettet deira er utbetra. Begge selskapa ber folk ta kontakt om dei framleis skulle vere utan straum i område som har fått forsyninga tilbake.