Forseinkingar Dryna-Harøya

Innstilt ferje og hurtigbåt Småge-Sandøy

  Foto: Kirsti M. Thorheim

Nyheter

Både ferje og hurtigbåt frå Småge til Sandøy kommune er kansellert på ubestemt tid på grunn av vind. Klokka 11 var det observert 22 m/s på Ona, det vil seie liten storm.

- Nyferja MF Kvaløy tåler ikkje like sterk vind som «Midøy», men også for gamleferja trur eg dette har vore hardt, seier skipper på hurtigbåten Nordic Lady, Svein Breivik, til smp.no.

Midt på dagen vart alle anløp innstilt. Til Sandøy har ferja ikkje gått i dag.

Skippar på ferja, MF Kvaløy, seier at dei held Ruteopplysninga 177 oppdatert.

Til Brattvåg går A-ferja, men vinden har ført til forseinkingar, opplyser Ruteopplysninga klokka 14.20.

Også hurtigbåten

Frå før er Ona utan ferje også fordi den nye båten Kvaløy er vanskeleg å manøvrere til og frå ferjekaia. Ein relativt liten hurtigbåt er sett inn for ferja. Men også hurtigbåten måtte kansellere i dag.

- Vi greidde berre første turen til Ona i dag tidleg, seier skipper Svein Breivik.

Det er meldt liten storm 22 m/s frå vest-sørvest i ettermiddag og kveld for Sandøya.

Problemet byrja då den gamle ferja «Midøy» ved årsskiftet vart skifta ut med «Kvaløy».

MF Kvaløy tåler ikkje like sterk vind som «Midøy», stadfestar skipparen på hurtigbåten. Det stadfestar også ordføraren i Sandøy, Hans Endre Sæterøy.

- Instrumenta på ferja viste 22 meter per sekund i dag tidleg då eg beslutta å ikkje gå til Sandøy, seier skippar på MF Kvaløy, Signor Hansen.

Meldingstenesta oppe og går

- Det positive her er at meldingstenesta frå Torghatten på sms i dag er oppe og går, sjølv om meldinga i dag tidleg kom to timar på etterskudd, seier ordførar Sæterøy.

Ferjeruter: Opplysningar om ruteavvik Småge-Ona

Les også: Ferjekaia skadd - må droppe Sandøy

Les også: Splitter ny ferje umulig å manøvrere