Vegmilliardar kan føre til bygde-utarming

Ørsta/Volda blir sentrum i ein ny storregion, men småbygdene kan bli skadelidande.
Nyheter

Det kan bli to effektar av dei to gigantprosjekta Eiksundsambandet og Kvivsvegen, meiner Finn Ove Båtevik og Geirmund Dvergsdal i Møreforsking. Torsdag presenterte dei rapporten “Ørsta, regionen og Eiksundsambandet” for første gong. Ørsta formannsskap og pressa var publikum.

Forskarane trur Ørsta/Volda – med si strategiske plassering midt i den nye regionen, 13.000 innbyggjarar og 2000 studentar på ei strekning på vel ei mil, sjukehus, flyplass og høgskule – vil sigle opp som regionssentrum på søre Sunnmøre. Og dei meiner milliardprosjekta vil opne for store mulegheiter for den nye regionen frå Hareid i nordvest til Stryn i søraust.

Forgubbing
Men medaljen kan ha ei bakside: Tenestetilbodet i bygdebyane – blant anna nye butikketableringar – kan føre til problem, og i verste fall nedlegging av bygdebutikkane som framleis har halde stand.

Og i område der det er milevis til næraste daglegvarebutikk kan viljen til nyetablering bli skadelidande, med ytterlegare avfolking og forgubbing som resultat.

Les meir om saka i papirutgåva av Sunnmørsposten i morgon.