Satsar søtt

Bengt Dahlberg blir ikkje lenger åleine i sjokoladefabrikken sin. Svensken har tilsett ein konditor frå Danmark.
Nyheter

– Han heiter Søren Jensen, og kjem frå Roskilde. Søren er kjend i Geiranger frå før, fordi han har ei søster som har budd her i mange år, fortel Bengt Dahlberg.

Svensken starta opp Geiranger Sjokolade i 2010. No skal han i gang med sitt tredje år, og satsar meir enn nokon gong.

Smaksprøver

Prosjektet Mat langs Nasjonale Turistveger skal ha ei samling i Oslo i byrjinga av mars. Der blir Bengt Dahlberg til stades med søte smaksprøver.

– Eg håpar også å kome i kontakt med nokon som vil selje sjokoladen min i Oslo-området, seier han.

Frå før har han forhandlarar som sel sjokoladen hans i mellom anna Ålesund, Sykkylven, Stranda og Molde.

– Det har vore litt trongt økonomisk i starten. Men no ser det positivt ut, og eg har fått mange gode tilbakemeldingar, legg Dahlberg til.

Turistbåtar

I byrjinga var det mest kundar frå nærområdet. Seinare kom turistane etter – og no går han berre og ventar på at årets første turistbåt skal kome til Geiranger.

– Og i år vert det jo også sagt at det blir ny rekord i talet på båtar, smiler sjokoladeprodusenten.

I tillegg til gode tilbakemeldingar frå kundane i fjor, fekk han også heider og ære med ein 2.-premie under deltakinga si på Grüne Woche i Berlin. Så det er tydelegvis mange som legg merke til sjokoladen frå Geiranger.

42-åringen kom sjølvsagt til Geiranger på grunn av ei kvinne.

Fysioterapeut

Sjølv er han utdanna fysioterapeut, men hadde arbeidd innan legemiddelindustrien dei sju siste åra før han flytta frå millionbyen Stockholm til Geiranger – ei bygd med 220 fastbuande.

Vel framme i bygda bestemde han seg for å gjere noko ingen andre dreiv på med i bygda. Han funderte litt på kva – og kom til at han skulle lage sjokolade.

Støtte

Med støtte frå Innovasjon Norge starta han opp Geiranger Sjokolade i Holenaustet. Merkenamnet på sjokoladen vart Fjordnær.

Sjokoladefabrikken vart plassert i kjellaren, medan det i etasjen over vart utsal – med både sjokolade, kaffi og is på menyen.