Går ut av politikken

I 24 år har han vore politikar i Kristeleg Folkeparti. No går Jan Kåre Aurdal av.

  Foto: Terje Engås

Nyheter

– Det låg i korta at eg måtte ut av politikken då eg fekk jobben som dagleg leiar i Sunnmøre Regionråd. Risikoen for at eg ville møte meg sjølv i døra var nemleg for stor.

Det seier Jan Kåre Aurdal (56). Ikkje berre har han vore lenge i kommunestyret i Sykkylven. Han var også ordførar i 12 år, frå 1999 til 2011. Han var fylkesleiar i Møre og Romsdal KrF i åtte år, sat i sentralstyret i fire år, og i landsstyret i 10 år.



Ny jobb

Men no har han altså søkt om fritak frå dei kommunale verva sine i Sykkylven. For han har teke til i ny jobb, med kontor i Ålesund.

– Det blir vel litt spesielt å slutte i politikken?

– Ja, det er jo ein slags milepæl, dette. Så det er litt rart å gje seg. Samtidig blir det artig å gjere noko anna, å få sitje på andre sida av bordet, for å seie det slik.

– Korleis har livet som politikar vore?

– Det har vore lærerikt, synest eg. Eg har lært korleis både korleis eit lokalsamfunn og eit heilt land fungerer – og korleis ein skal få gjennomslag for saker.

– Men det klart, det har ikkje vore noko ni til fire-jobb. Det blir vel heller ikkje den nye jobben, men det er vel likevel ikkje like mykje møteverksemd som i politikken, trur Aurdal.

Les også: Aurdal skal leie regionrådet



Privilegert

Han legg til at han føler seg privilegert som har fått vere med på mykje.

– Kva for saker ser du tilbake på med glede?

– Saman med andre var eg mellom anna med på å byggje ut sjukeheimen og kunstgrasbanen. Og så har vi no fått lagt en del asfalt her og der. Barne- og ungdomsarbeidet føler eg også at vi har satsa mykje på. I det heile har vi arbeidd for å gjere Sykkylven til ein god kommune å bu i, meiner Jan Kåre Aurdal.

– Kva er du misfornøgd med?

– Det er ikkje så mykje. Men det var sjølvsagd frustrerande å kome som salssjef frå det private næringslivet og oppleve at alt tok så lang tid. Dersom vi vedtok noko i næringslivet, så begynte vi same dag, eller dagen etter. I politikken og det offentlege tek alt så lang tid. Så noko av det viktigaste ein må ta med deg inn i ein jobb i det politiske livet er tålmod, seier Aurdal.



Fritid

– Kva seier familien til at du går ut av politikken?

– Ungane mine er blitt vaksne, og tenkjer vel ikkje stort på det. Men kona min, May Lisbeth, trur nok ho skal få sjå meir til meg no, smiler Jan Kåre Aurdal.

Bak interesseorganisasjonen Sunnmøre Regionråd står nesten alle kommunane på Sunnmøre. Dei to som manglar er Volda og Ørsta. Volda er på veg inn, og Ørsta er på glid, meiner Aurdal.

– Sunnmøre Regionråd skal jobbe for saker som er til beste for heile Sunnmøre, fortel den nye leiaren i rådet.

Les flere nyheter fra Indre Sunnmøre på smp.no