Klart borgarleg fleirtal

Hadde blitt regjeringsskifte med val i dag. Høgre ville fått 51 representantar på Stortinget.

Vi er edruelege og veit at vi må jobbe knallhardt framover

Elisabeth Røbekk Nørve
Nyheter

Om det var val i dag kunne Høgre fått inn heile 51 representantar på Stortinget. Og det ville vore klart fleirtal for regjeringsskifte.

Det viser ei landsomfattande måling som er gjort av Sentio, på oppdrag for Sunnmørsposten. 1.000 personar er intervjua, i tida 20. til 25. mars.



Tangerer

Med 28,9 prosent tangerer Høgre «all time high» på Sentio sine målingar. Det er stortingsrepresentant Elisabeth Røbekk Nørve godt fornøgd med:

– Dette er fantastisk flott, men samtidig så er det jo ei måling. Vi er edruelege og veit at vi må jobbe knallhardt framover, seier Røbekk Nørve.

Stortingsbenken: Kikk våre stortingspolitikere i kortene





Motiverer

Ho er i dag den einaste i Høgre-gruppa frå Møre og Romsdal. Målinga viser ikkje kor mange representantar Høgre hadde fått i kvart enkelt fylke, men med 21 nye representantar er det grunn til å tru at Møre-benken ville fått fleire frå Høgre.

– Vi har som mål å sikre to representantar frå Møre og Romsdal og strekkje oss etter den tredje, seier Røbekk Nørve som trur det er realistisk når både Ap og Frp har klart det før.



Surr

– Kvifor gjer Høgre det så godt?

– Vi meiner vi er flinkare til å få fram eigen politikk. Men det er klart det har vore mykje surr i regjeringa som lova slutt på rot og surr i ei fleirtalsregjering. Det er tydeleg regjeringsslitasje, men eg vel å tru at resultatet i første rekke skuldast politikken vår, seier Røbekk Nørve.

Eit parti som ikkje har grunn til å juble for meiningsmålinga, er Venstre. Partiet går tilbake og kjem godt under sperregrensa. Oppslutninga er den dårlegaste sidan oktober 2009.

Eid-ordførar Alfred Bjørlo, som også er medlem i landstyret i Venstre, er likevel ikkje uroa.

– Det er umuleg å seie noko om ei enkelt måling. Laurdag hadde Dagsavisen ei måling som viste 7,1 prosent for Venstre og no er vi på 3,2, seier Bjørlo.

Snittet for siste halvåret ligg ifølgje Bjørlo stabilt mellom 4,8 og 5,3 prosent for partiet.

– Kan den liberale innvandringspolitikken forklare den dårlege målinga?

– Vi må vere forsiktige med å tolke enkeltmålingar. I Dagsavisen trekte ein ekspert fram nettopp innvandringspolitikken som forklaring på den gode målinga, seier Bjørlo.



Frp

Målinga viser elles at Frp definitivt er på veg oppover, etter den kraftige nedturen. Rett nok mister dei åtte representantar i høve til inneverande periode, men dei har framgang sidan førre månad.

Høgre og Frp har åleine 47 prosent av stemmene, noko som er det beste resultatet for partia sidan juni i fjor.

Senterpartiet er det einaste av regjeringspartia som går fram.

Målinga viser også at regjeringspartia ville teke 75 mandat, medan opposisjonen hadde fått 94 mandat om det var val i dag.

Følg smp.no på Facebook