– Snart kjem lesebretta

Lila Marie Moberg har jobba med digitale medium og barn sidan 80-talet. Ho trur lesebretta snart kjem til barnehagane.
Nyheter

Ho er førstelektor ved Høgskulen i Volda og fagleg ansvarleg for konferansen som blir arrangert i Ålesund i morgon.

Ho har forska på bruk av digitale medium i barnehagen og meiner at det har mange fordelar.

– Bruk av fotografiapparatet kan for eksempel vere ein ekstra motivasjon for barna til å vere med på tur, seier ho.

Når barna lærer å produsere ting digitalt så gir det større moglegheit til å skjønne kva dei er opptekne av.

– Når ein får sjå til dømes bilete dei har tatt så er det ein unik moglegheit til å sjå kva barna er opptekne av, og nytte det til å starte ein samtale, seier Moberg.

Lesebrett

Forskjellane er store mellom barnehagane når det gjeld måten dei nyttar digitale medium. Moberg meiner det er kunnskap og ikkje økonomi som avgjer korleis ein brukar dette.

– Utstyret finst i all hovudsak i barnehagane allereie. Det handlar mest om kven som brukar det, seier ho.

Under konferansen vil det vere ein innleiar frå Oslo som fortel om bruk av lesebrett i barnehagane. Det trur Moberg er på veg inn i fleire barnehagar no.

– Heller ikkje det treng vere så dyrt om ein ikkje kjøper så mange, seier ho.

Lesebrett er veldig intuitivt og lett å ta i bruk for barna.

– Det ser vi allereie på korleis barna nyttar vanleg pc. Dei berre sett i gang og lærar av kvarandre, seier ho.