Lar barnehagebarna bruke datamaskinen

I Søvik barnehage er det barna sjølv som brukar pc og fotografiapparat. No skal fleire barnehagar lære å la barna bruke datamaskina.
Nyheter

Sigrid, Kay André og Daniel Olai står ved eit pc-bord og ser på bilde frå då dei var ute i fjøra på tur.

Bilda er tekne av barna sjølve, og ein av ungane har lest inn kommentarar om kva som skjedde då dei var ute.

Pc-bordet er seinka til barna sin høgde, og dei veit å handtere både mus og tastatur.

Søvik barnehage i Haram kommune er i forkant når det gjeld bruk av datamaskin og fotografiapparat. Dei lar nemleg barna handtere dei digitale verktøya.

Les fleire nyheiter frå Nordre Sunnmøre på smp.no

Fotograferer

Men slik har det ikkje alltid vore.

– For nokre år sidan var det berre oss vaksne som nytta kameraet, tok fine bilde og sorterte dei i mapper og brente ut cd-ar. Så var fleire av oss på kurs og vi lærde at måten vi brukte verktøya på var feil.

Det seier Solveig Nyland Andersen som er styrar ved Søvik barnehage.

Saman med tre andre i barnehagen var ho på konferansen «Klikk der!» om bruk av digitale medium i barnehagar. Kort sagt er konklusjonen her at barna skal bruke dei digitale verktya.

– Fotografiapparatet er veldig viktig når barna skal lære på dette feltet. Lar vi barna bruke apparatet får dei fortelje ting frå deira synsvinkel. Det får avbilde det dei er opptekne av, og for mogelegheit etterpå til å fortelje om det dei har opplevd, seier Andersen.

Ny kompetanse

No skal fleire barnehagar på Sunnmøre bli flinkare på bruk av digitale medium. I morgon blir konferansen «Klikk der» arrangert i Ålesund og nær 200 barnehagetilsette er påmelde.

Sunnmøre regionråd har tatt initiativet til å få konferansen hit. Pedagogisk koordinator, Torunn Måseide, forklarer at bakgrunnen er eit behov i kommunane.

– Det var Haram kommune som kom med ideen, og vi skjønte at dette er eit felt der barnehagane i regionen treng ny kompetanse, seier ho.

Sosiale spel

Meir bruk av digitale verktøy går ikkje ut over leik, læring og aktivitet utandørs, meiner dei ved Søvik barnehage.

– Nei, det handlar om å bruke verkøya i leik og aktivitetar, som når ein tar kameraet med seg på tur, seier Kamilla Grande, som er barne- og ungdomsarbeidar ved barnehagen.

Heller ikkje når dei nyttar pc-en til spel eller teikneprogram så fører det til at barna berre blir stillesitjande, meiner ho.

– Bruk av pc er sosialt, og vi ser at dei speler saman og er aktive. Det er gjerne slik at ein speler dataspel, mens fleire andre står ved sidan av. Saman diskuterer dei det som skjer på skjermen, seier Grande.

Og det er ikkje slik at dei sit framfor ein skjerm heile dagen.

– Nei, det ville heller ikkje vere mogleg i ein barnehage. Vi har heller ikkje anna enn gode tilbakemeldingar frå foreldra, seier pedagog Vanja Holm.

Følg smp.no på Facebook



Relaterte saker: