Uroa for seibestanden

Fiskarane er urolege for seibestanden, men havforskar meiner det er naturen som går sin gang.

Vi er bekymra for utviklinga

Knut Støbakk
Nyheter

Sei er det viktigaste fiskeslaget for Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag – Surofi – og på årsmøtet fredag var bestandssituasjonen eit hovudtema. Fisket har vore dårleg i vinter, og til no i år har landa kvantum med sei gått ned med 12.000 tonn samanlikna med same periode i fjor.

Dei siste fire åra har landingane gått ned med 37 prosent.

– Styret i salslaget er bekymra for utviklinga, sa styreleiar i Surofi, Knut Støbakk, på årsmøtet.

Han trøysta seg samstundes med at prisen er stabil, og at fiskarane dermed sit att med like mykje, trass i kvotenedgang. Også Jan Ivar Maråk i Fiskebåtredernes Forbund er uroleg. Kvotane i Nordsjøen gjekk ned med 15 prosent i år – det maksimale innanfor gjeldande forvaltningsregime.

– Vi er på ein knivsegg. Dersom 15-prosentregelen vert tatt vekk kan det raskt bli ein stor nedgang i kvotane, seier Maråk.

Han etterlyste meir forsking på seibestanden, og var kritisk til at det vert gitt dispensasjon frå minstemålreglane for notfiske etter sei.

Les flere næringslivsnyheter på smp.no





Småsei

Fisket på småsei uroar også fiskar Hans Sande frå Herøy.

– Eg blir skremd når eg ser storleiken på seien som vert landa, og lurer på om det er fornuftig bruk av ressursane. Og på søre har vi opplevd ein drastisk nedgang på storsei, seier Sande.

Styreleiar Knut Støbakk meiner styresmaktene legg opp til eit kritikkverdig fiske.

– Vi er ikkje glad for den overkøyringa Fiskeridepartementet gjorde av havforskinga si tilråding når det gjeld auka kvotar for notseifiske nord for 62-graden, seier Støbakk.

Seniorforskar Tore Jacobsen ved Havforskingsinstituttet prøvde å roe forsamlinga.

– Vi meiner vi har rimeleg god kontroll med beskattinga. Seibestanden går nedover, men det ser ut til å vere innanfor normal variasjon. Og det normale er at seibestanden varierer mykje, seier Tore Jacobsen.



Murphys lov

Samstundes vedgår han at forskinga på sei i Nordsjøen har vore for dårleg dei siste åra.

– Vi har våre råka av Murphys lov om at alt som kan gå gale, har gått gale, seier han.

Men trass i utviklinga i seifisket, har fiskesalgslaget all grunn til å vere nøgde med stoda. 2011 baud på rekordomsetnad med 2,3 milliardar kroner. For medan kvantumet av sei har gått ned har det gått rette vegen med torsk og hyse. Og tradisjon tru har Surofi betalt meir for fisken enn Norges Råfisklag, som operer lenger nord.