– Vi må velje side

KrF sekk som ein stein. – Årsaka er at folk ikkje veit om vi støttar Ap– eller Høgre/Frp-regjering, trur Knut Støbakk.
Nyheter

Giske-ordføraren åtvarar sterkt mot å gjere same feil som sist – å la det stå ope fram til valet kva side ein støttar i norsk politikk.

Då kan resultatet i verste fall bli, fryktar han, at KrF endar under sperregrensa i stortingsvalet hausten 2013. På Sunnmørsposten sitt landsomfattande partibarometer for mai 2012 får KrF fattige 3,8 prosent. Vert det valresultatet, må Stortinget klare seg utan ein einaste KrF-ar i fire år etter 2013.

– På landsstyremøtet i september må vi gjere det heilt klart om vi støttar ei borgarleg regjering eller ei vidareføring av den raudgrøne regjeringa. Og vi må stå fast på det heilt fram til valet, seier Støbakk.

– KrF her på Nordvestlandet er nokså samstemde i at vi vil ha eit regjeringsskifte, og gå inn i ei borgarleg regjering. Det har vi signalisert sterkt til partileiinga, seier Støbakk.

Stortingsrepresentant Rigmor Andersen Eide og Vanylven-ordførar Jan Helgøy har same teori som Støbakk om KrF sin elendige posisjon no.

– Folk må vite kva side vi står på. Det må avklarast i september, er dei to samde om.

Tynt sentrum

Ingen av dei tre KrF-arane trur partiet har gjort nokon tabbar eller profilert seg dårleg sidan førre val.

Dei viser til at også Venstre (4 prosent) og Senterpartiet (5 prosent) har dårleg oppslutnad i det siste.

– Dessverre har alle sentrumspartia blitt småparti. Vi ligg og kavar i den same suppa på fire – fem prosent alle ihop, seier Støbakk, som er redd polariseringa i norsk politikk kan bli permanent.

– Eg fryktar vi kan vere på veg mot ein topartistat, som i USA, seier Støbakk.

Homo-bryllaup

– Er KrF i ferd med å miste merkesakene sine – er ikkje partiet i ferd med å godta homo-ekteskap?

– Det var berre ein programkomite som kom med ei innstilling. Dette spørsmålet skal avklarast på landsmøtet i 2013, seier Andersen Eide.

– Eg trur aldri at noko slikt vil gå gjennom i partiet. Det som vart referert i media, var berre ei innstilling, som aldri vil få gjennomslag, trur Støbakk.

– Men viss det dannar seg eit inntrykk av at partiet er på vikande kurs her, kan det vel støyte frå seg konservative kristne?

– Ja, heilt klart, seier Støbakk.

Mai-meiningsmålinga viser ikkje store endringar frå månaden før. Men tendensen er klar – småpartia inklusive SV står stadig svakare, medan Høgre siglar i medvind.

Partibarometer mai 2012



Sentio

mai 2012

Sentio

april 2012

Differanse

Val 2009

Mandat

Sentio mai 2012

Mandat

val 2009

Arbeiderpartiet

31,3

30,8

0,5

35,4

56

64

Framstegspartiet

17,1

18,4

-1,3

22,9

31

41

Høgre

30,3

28,7

1,6

17,2

55

30

Kristeleg Folkeparti

3,8

4,6

- 0,7

5,5

2

10

Raudt

1,6

1,2

0,4

1,3

1

0

Senterpartiet

5,0

5,7

-0,7

6,2

9

11

Sosialistisk Venstreparti

4,7

4,5

0,3

6,2

8

11

Venstre

4,0

4,9

-0,9

3,9

7

2

Pensjonistpartiet

0,4

0,1

0,3

0,4



0

Andre

1,0

1,1

0,6

1,0



0