- Velta ut frå bilar og bussar

Trollstigen opna fredag føremiddag. - Wunderschön, seier tysk ektepar.

  Foto: Terje Engås

Nyheter

- Wunderschön, seier ekteparet Gisela og Detlef Holtz frå Hamburg og tek nokre forsiktige steg ut i snøen. Fredag opna Trollstigen for sesongen.

To timar etter skjema hadde Statens vegvesen fått rydda og strødd turistvegen med salt, og kunne heve bommen. Dei første turistane frå Valldal-sida var ekteparet Holtz frå Hamburg.

Les også: Trollstigen kan bli lysregulert

Då dei steig ut av bilen oppe på det snødekte platået, var det ikkje andre turistar der. Men så, som om nokon hadde trykt på ein knapp, velta dei ut frå bilar og bussar som plutseleg dukka opp.

Det gjekk i all verdas tungemål, og fotoapparata gjekk varme i minusgrader.

- Det er første gong at vi er i Norge, seier Gisela og Detlef – og fotograferer i veg.

Les meir om Trollstigen i papirutgåva av Sunnmørposten laurdag.



Les også: Blir nasjonale turistveger