Pensjonistar serverer skule-lunsj

I fire år har pensjonistparet Kirsten og Per Stette stelt i stand felles skulemåltid.

Dette er eit viktig bidrag i alle skulens gode forsøk på å lære elevar folkeskikk

Trond Gisnås
Nyheter

– Vi får så mykje mat vi vil. Og så får vi tomat. På førre fellesmåltid fekk vi bollar og rundstykker! Og så kan vi vinne dersom vi er stille nok!

Trekløveret Sannah Stranden Endresen (blir åtte), Frida Opsal (blir åtte) og Thea W. Varholm (fylt åtte) går i andre klasse på Stette skule. Dei synest pensjonistparet Kirsten (71) og Per Stette (74) som serverer lunsj på skulen kvar onsdag er flinke kokkar.

– Ein gong fekk vi hamburger! Og så var det ein gong det var heilt mørkt og levande lys på borda. Men det er nokre foreldre som gløymer at det er fellesmåltid, fortel de.

– Premien for å vere stille? Jau, då får vi gå først ut og vi får legge først på. Det er berre dei store som ryddar bord og stoler, fortel jentene som har benka seg klar til lunsj.



Pensjonistar

I fire år har pensjonistparet Kirsten og Per Stette stelt i stand eit fellesmåltid på skulen kvar onsdag.

– Kva gjorde at de sette i gang med dette? undrar vi.

Kirsten tenkjer seg om ein augneblink medan Per står klar til å bere oppskore brød inn på borda. I dag vert det ikkje langbord, men småbord. Alle restar skal etast opp før ferien.

– Eg hadde blitt pensjonist. Hadde slutta som kjøkkensjef på sjukeheimen på Sjøholt, fortel Kirsten.

Følg smp.no på Facebook





Sunt og triveleg

– Det var ikkje det at eg ikkje hadde rikeleg å gjere. Vi hadde nytt hus og vi har barn og barnebarn rundt oss. Men eg hadde i alle år styra med maten til eldre og synest det er kjekt å vere i lag med folk, fortel ho.

Fellesmåltidet som pensjonistparet steller i stand syter for sunn mat til ungane. Grovt brød, knekkebrød, ulike sortar pålegg. Av og til med oppskore, kokte egg, crab stics og fiskepudding. Av og til med nybakte bollar og rundstykker.

– Eg trur ungane er begeistra. Særleg når det vankar nysteikte ting, smiler Kirsten og legg til at elevane får frukt eller grønsaker etter maten. Denne dagen vankar det eple og banan.

– Det er fole kjekt å vere i lag med ungdommen. Her er en kjekk stab. Eg føler meg velkommen, smiler Kirsten og seier ho gjerne vil halde fram til hausten, dersom helsa held.

Mens Kirsten styrer mest med maten syter Per også for å ta tak i småting som må gjerast, som ein tilleggsvaktmeistar.



Tredje generasjon

– Dette ser ut som mat og trivsel. Men det inneheld eit vidare perspektiv slik vi ser det. Gjennom samarbeid med tredjegenerasjon gjennom fellesmåltider både i kvardag og fest, får elevane inn langt meir, påpeiker rektor Trond Gisnås.

Han fortel at det er andre året på Stette skule at de har eit såkalla trivselsleiarprogam der ein ser på borna sin eigen deltaking for å skape trivsel for seg sjølve. I staden for at vaksne skal tilføre dei alt, må elevane bidra sjølve.

– Dette bittelille konseptet gjev trivsel inn i kvardagen og vert knytt til det å vere i lag. Dette er eit viktig bidrag i alle skulens gode forsøk på å lære elevar folkeskikk, lære dei å forhalde seg til å store grupper og å vere i stand til å setje seg sjølv til side, seier Gisnås.

Han fortel at i tillegg til felleslunsjen onsdagar, er det også påskemåltid og nissefest. På vårparten tar dei også femåringane inn til fellesmåltidet som ein overgang til skulestart på haugsten.

Les flere nyheter fra Ålesund og omland på smp.no