Samlar ekspedisjonane

Ragnar Thorseth får eiga avdeling på Ishavsmuseet Aarvak.

  Foto: Alexander WOrren

Nyheter

Ishavsmuseet Aarvak i Brandal har inngått samarbeid med eventyraren Ragnar Thorseth. Det går ut på at museet får hand om bilete, film og gjenstandar som stammer frå dei mange ekspedisjonane hans. Ragnar Thorseth får si eiga avdeling sentralt i museet.

Første del av utstillinga skal opne 15. september i år. Den skal omfattte ferda til Nordpolen i 1982 og turen gjennom Nordvestpassasjen i 1979-1980.

Hovudpersonen sjølv, Ragnar Thorseth, seier han er svært glad for og stolt av dette samarbeidet. Han trur utstillingane vil verte eit stort løft for ishavsmuseet.

Les fleire nyheiter fra søre Sunnmøre på smp.no