Opnar Haugsholmen til folkefest

Først blir det yrande folkeliv til helga, så blir det liv på Haugsholmen gjennom heile året når Liv og Bjørn Magne og dei tre barna skal overvintre.

Vi har begynt å sette i stand, og no har vi kome så langt at vi kan vise fram litt.

Liv Myskja og Astrid Myskja
Nyheter

Haugsholmen ligg i hildringa ut mot Stadhavet. Kveldssola sig i hav og gir motlys, men etter kvart som båten nærmar seg, stig det eine huset fram etter det andre. Dette var eit sentrum då båten var transportmiddel og næringsveg. I ein periode har det vore vanskeleg å kome til holmen, men no er dampskipskaia fendra opp att så gjestande båtar kan legge til, på moloen er det laga grillplass for besøkande og folk er velkomne på holmetur.

Midt i tunet tronar hovudhuset. Langt og herskapeleg med ein hage inspirert av engelske parkar. Men før ein kjem dit opp går ein på ein sti av kvit grus. Den går mellom skinnene, Haugsholmen si eiga, vesle «jarnbane» som frakta varer frå damskipskaia og opp til sjøbuda.

Haugsholmen har hatt «byfunksjonane», først som tingstad og lensmannskontor, seinare både med postkontor og telefonsentral. Posten med 6088 Haugsholmen heldt stand i hundre år fram til i 1972.

Året etter var det farvel til telefonsentralen. Men butikken var open, iallfall i sommarmånadene, heilt fram til ut på 80-talet. Og inne i sjøbuda ser ein framleis eit særs differensiert og variert varelager frå lang tids butikkdrift. Treskobotnane står på rad og rekke. Makkeanglar ligg i hyllene. Og på disken ligg ein stabel grågrøne oljehyrer.

Bildeserie: Haugsholmen

Skatt

Inne på posten og telefonstasjonen ligg papir og skjema frå mange tiårs drift. No har Myskja-familien begynt på jobben med å gå gjennom alt som finst i dei mange husa. Det er ein storjobb, men det er litt av ein skatt dei har.

– Ja, det har ikkje vore rydda og brent her, så her er alt muleg.

Liv Sæter Myskja og Astrid Myskja, gift med kvar sin Myskja- og Haugsholmen-bror, viser rundt. Dei seier at dei er redde for alt som er på holmen.

– Men samtidig ser vi at tinga har verdi berre her. Kvar for seg er det mykje gamalt skrot, men samla i miljøet her, så er det ein fantastisk skatt.

Velkomne

Til helga opnar dei tun og dører så folk får sjå. Det vert sal av rjomegraut og grillmat. Ymse salsbuer vert stilt opp. Og det blir aktivitetar som fotballgolf, natursti og lagkonkurranse i roing med åttring og seksring. Søndag vert det også gudsteneste.

Det er alt gjort ein storjobb med å sette Haugsholmen i stand. Holmen var stor innan sildeindustri så seint som på 50-talet. Norges Sildesalgslag bygde eige kontorbygg på holmen. Det vart også bygd fiskarheim der. Og fabrikken var stor. Sildelaget og fiskarheimen har vorte sommarbustader. Fabrikken er delvis riven, men nokon står igjen.

– Vi har fjerna 350 tonn skrapjern, fortel Astrid.

– Vi har begynt å sette i stand, og no har vi kome så langt at vi kan vise fram litt. Til helga er mengder av flytebrygger lagt ut slik at båtfolket skal vere hjelpte når dei kjem. Det går også skyssbåt frå Larsnes.

– Vi håper å få til litt aktivitet på holmen. Det er tydeleg mange som har lyst til å kome. Og det er også mange som har tilknyting til holmen, som har jobba her for eksempel. Folk er velkomne både til helga og seinare, men må ha i mente at Haugsholmen ikkje er noko offentleg museum. Hus og hagar er private. men ein må gjerne kome i land. Til vinteren blir der også folk. Liv og Bjørn Magne og dei tre barna deira bur på Austlandet, men i vinter blir det Haugsholmen.

– Det er noko heilt anna å vere her ute, berre opne døra, kjenne havlufta...

Bildeserie: Haugsholmen