400.000 agurknyheiter

Agurkbonden Per Magnus Berdal likar å lese nytt om agurken.

Vi begynner å hauste 1. mars, og held fram til slutten av oktober

PER MAGNUS BERDAL
Nyheter

– Omgrepet agurknyheit kjem av at det ofte var lite som skjedde om sommaren. Difor vart journalistane sendt ut på torget for å skrive om agurkprisane, fortel Per Magnus Berdal.

Vi er ikkje sendt på torget, men til Berdal Gartneri i Valldal For Per Magnus er agurkbonde på heiltid. Gartneriet er eitt av tre på Nordvestlandet som dyrkar agurk. Og agurk og politikk går tydelegvis godt saman. For medan agurkdyrkar Jan Helgøy i Vanylven er profilert KrF-politikar, er Berdal varaordførar for Senterpartiet i Norddal.



Fire drivhus

Heile 130 tonn, eller 400.000 agurkar, skal Per Magnus dyrke fram i dei fire drivhusa sine i år. Den grøne saken vert deretter distribuert gjennom Bama til NorgesGruppen sine butikkar mellom Måløy og Molde.

– Vi begynner å hauste 1. mars, og held fram til slutten av oktober. Vi kunne ha dyrka agurk heile året, men det ville ha kravd mykje kunstig lys og blitt svært dyrt, forklarer Per Magnus.

Han tek oss med inn i eit av drivhusa som bognar av agurk, klar til plukking. Annan kvar dag kjem det ein bil og hentar agurk. Per Magnus driv gartneriet saman med kona Øyvor, og to innleigde medhjelparar halve året.

– Kva gjer de på når haustinga er over?

– Først tek vi oss ein liten ferie. Deretter førebur vi oss på neste sesong. Vi hiver ut dei gamle plantene og vaskar ned drivhusa. Etter nyttår sår vi frø til nye plantar.

Følg smp.no på Facebook





Sidan 1934

Det har vore gartneri på Berdal i tre generasjonar. Bestefaren Magnus starta opp i 1934. Seinare tok sonen Tore og kona hans, Inger Sissel, over. Per Magnus tok også gartnarutdanning, og i 1989 kom han flytande heim saman med Øyvor.

– I 20 år dreiv vi også med julestjerneproduksjon. Men no er det berre agurk her, fortel han.

Kraftprisar er eit kritisk punkt for gartneria. Etter to harde vintrar med høge straumprisar, var straumen litt rimelegare sist vinter. Dessutan har agurkprisane vore litt betre i år.

Les flere nyheter fra Indre Sunnmøre på smp.no