Kanonsommar for mikrobryggjeria

Medan dei store ølprodusentane slit i sommar peiker alle piler oppover for mikrobryggjeria i landet. Trollbryggeriet i Liabygda er ikkje noko unntak.
Nyheter

– Det går veldig bra. Vi har meir enn dobla produksjonen sidan 2011. Vi ligg vel an til rundt 60.000 liter i år, fortel styreleiar for Trollbryggeriet, Kjartan Lied.

Trollbryggeriet produserer fem ulike øltypar under merket Slogen. I fjor leverte dei rundt 30.000 liter.

Juni var den dårlegaste ølmånaden på åtte år for dei store bryggjeria i landet. Mikrobryggjeria, derimot, går så det susar, trass konstant dårlege vêrmeldingar. Lied trur bakgrunnen for auken er samansett, men meiner spesialøl er ein veksande trend.

– Eg trur folk har betre økonomi og det gjer at dei har råd til å kjøpe eit produkt som er litt annleis enn det vanlege ølet. Det er ein trend som har oppstått i befolkninga, og det er sjølvsagt nysgjerrigheit på nye og lokale bryggjeri. Det er spennande og folk ønskjer å prøve det.

Konkurrerer med vin

I dag er det på landsbasis 25 mikrobryggjeri, som produserer ufiltrert, overgjæra øl – såkalla «ale» – etter tradisjonelle metodar. I dag har denne typen øl ein marknadsandel på éin prosent, men Petter Nome, direktør i bryggeri- og drikkevareforeininga, trur ikkje at taket er nådd.

– Det er nok ikkje urealistisk å snakke om fem til ti prosent marknadsandel for mikrobryggjeria i løpet av dei neste åra, seier Nome til NTB.

Totalt sett drikk nordmenn mindre og mindre øl, og noko av forklaringa som tidlegare har vore gitt på nedgangen er at folk føretrekkjer vin. Nome trur spesialøl frå mikrobryggjeria kan gjere at denne trenden snur.

– No kjem det øl som passar til eitkvart måltid og med mange ulike smakar. Dette er veldig positivt, seier Nome.

Nok å gjere

Eventyret med Trollbryggeriet i Liabygda starta i 2009 som eit ønskje om å gjere noko meir ut av det som eigentleg var ein slags hobby for Lied og makkeren Jørund Ringset. Misjonen var å halde ølbryggingstradisjonane ved like.

– Vi hadde i utgangspunktet ikkje tenkt å drive særleg stort, men vi ser no at dette eigentleg er altfor lite. Vi har heile tida utvida og utvida, seier Lied, som også fortel om sprengde ordrebøker.

I dag har bryggeriet 1,5 årsverk og leverer øl til butikkar, restaurantar og hotell på Sunnmøre, i tillegg til ei handfull butikkar i Oslo og Stavanger. Framover vurderer dei tilbod om leveringar til Vinmonopolet, i tillegg til mogleg start av eit formidlingsopplegg med omsyningar og smaksprøving for bedrifter, turistar og andre interesserte. Lied understrekar likevel at dette ligg noko fram i tid.