Snur om Nordøyvegen

Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik har ombestemt seg.

Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik. 

Nyheter

Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik snur om Nordøyvegen og legg vedtaket i samferdselsutvalet om å starte bygginga av Nordøyvegen snarast mogleg til grunn for innstillinga si til fylkesutvalet, som skal handsame saka før endeleg vedtak i fylkestinget måndag.

Fylkesrådmannen innstiller på at bompengesøknaden vert lagt fram for fylkestinget i desember.

Føresetnadene som låg til grunn for vedtaket i samferdselsutvalet vert lagt inn i nye økonomiske berekningar som er laga. Her legg administrasjonen seg på 4,5 prosent rente og ikkje 6,5 prosent, og vidare ein bompengeperiode på 30 år – og ikkje 20 som tidlegare tilrådd.

Les også: Tommelen ned for Nordøyvegen

Les også: Sa ja til Nordøyvegen