Kvivsvegen minutt for minutt

Bli med prosjektleiar Oddbjørn Pladsen på den vel 36 kilometer lange køyreturen frå Volda til Grodås.
Nyheter

Sidan januar 2009 har Oddmund Pladsen leia arbeidet med å byggje tunnelar og veg mellom Fyrde og Grodås. Men det heile starta med utviding av Rotsethorntunnelen i 2002.

– Eg har vore med på å byggje 18 tunnelar i Norge, og utvidinga av Rotsethorntunnelen kan ein seie var mitt første bidrag til Kvivsvegen, seier prosjektleiaren i Statens vegvesen.

Guida tur

Førre veke tok Pladsen med Sunnmørsposten på ein guida tur langs den nye Kvivsvegen mellom Volda sentrum og Grodås. Sunnmørsposten filma heile turen og på smp.no kan du no sjå heile køyreturen frå Rotset i Volda til Grodås sentrum. Undervegs fortel Oddbjørn Pladsen om prosjektet, stadene vi køyrer forbi, og spesielle utfordringar dei har hatt med byggjearbeidet.

Sjå video:

– Kvivsvegen vil gi ein ny kvardag for mange på søre Sunnmøre og Nordfjord. På strekninga Hornindal - Volda sparar ein no til dømes ein time køyretid, seier Pladsen.

Kvivsvegen vil og gje eit raskare samband mellom søre Sunnmøre og Austlandet via riksveg 15 over Strynefjellet.

Lang veg

Pladsen fortel at den første søknaden om støtte til Kvivsvegen kom i 1877 (då som veg over fjellet Kviven). I 1919 var vegen omtalt i offentlege vegplanar med forslag om tunnel under Kviven, men det var først i 1999 at Stortinget vedtok den framtidige traseen gjennom Kviven. Kvivsvegen, som er ein del av Kyststamvegen, består av fire tunnelar og ei bru.

– Arbeidet med prosjektet har gått over all forventning. Vi har halde budsjetta godt og blir ferdig før estimert tid. Det har heller ikkje vore nokon alvorlege ulukker i anleggsarbeidet, seier Pladsen som og leia bygginga av Eiksundsambandet og vegprosjektet på Moa.

Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete opnar Kvivsvegen laurdag 22. september, men allereie søndag 16. september inviterer Statens vegvesen til open dag, gudsteneste og tunnelvandring, midt i tunnelen på fylkesgrensa.

– Det står att ein del arbeid med mellom anna Hjartåbergtunnelen, men strekninga frå Fyrde til Grodås blir heilt ferdig til opninga 22. september, lovar han.

Sjå video av heile Kvivsvegen her: