Stette-tunnelen opna

I går opna Stettetunnelen i Skodje. Dermed er endå ein del av vegen mellom Digernesskiftet og Stette teken i bruk.

  Foto: Morten Hjertø

  Foto: Morten Hjertø

  Foto: Morten Hjertø

Nyheter

Det var varaordførar Svein Harsjøen (Frp) i Haram som klipte snora og erklærte vegen offisielt opna.

Deretter køyrde han og ordførar Terje Vadset (Frp) i Skodje i veteranbil gjennom Stettetunnelen som dei første offisielle trafikantar.

Før jul skal det store nye krysset på Digerneset vere ferdig, og dei gamle Skodjebruene skal vere ferdig rehabilitert.

Den nye vegen erstattar den krappe Storløypressvingen der bilar lett sigla utfor på vinterføre.

Flest til Haram

– Dei fleste som køyrer denne nye vegen er nok folk som skal til og frå Haram. For oss har den nye vegen mykje å seie, og den har mykje å seie for folk i Ålesund som reiser til Haram på arbeid, seier Svein Harsjøen.

Sjølv om vegen ligg i Skodje er det såleis ikkje så unaturleg at den som opnar vegen ber ordførarkjedet til Haram.

Eit større prosjekt

Stettetunnelen er 440 meter lang og den er ein del av 1.000 meter ny fylkesveg av høgste klasse. Den gamle vegen kryssar den nye i ein kulvert.

Svein Harsjøen seier at dette er ein del av eit større prosjekt med den nye brua over Skodjestraumen, Digerneskrysset og miljøgata gjennom Skodjebygda. Stette veks i folketal og heretter har dei gamlevegen som gang- og sykkelveg.

– For oss i Haram er dette stor forskjell. Vi har fått ein trygg veg som gjer det lettare for oss å kome til sentrum. Det har blitt enklare enn før å køyre mellom sentra, seier han.

Gang- og sykkelveg

Ordførar Terje Vadset understrekar goda med at det med dette er nesten samanhengande gang- og sykkelveg mellom Stette og sentrum. Det står att litt i Grindvika før alt er knytt saman. Dette har dei fått til med dette fellesprosjektet med Haram.

Han vil takke Statens vegvesen og dei andre firma for godt arbeid.

–Vi gler oss over at vegen og tunnelen er bygd utan personskadar. Det har vore utført rundt 40.000 timeverk, seier byggeleiar Ingar Th. Walbø i Statens vegvesen.

Det er firmaet Implenia som har vore entreprenør, og eitt av dei firma som har gjort mykje av arbeidet er Vasto anlegg på Valle.

Etter at Terje Vadset, Magnus Nilsen og Svein Harsjøen hadde køyrd veteranbilen på nyvegen, fekk dei vanlege bilane sleppe til og trafikken dundra i begge retningane.