Prøver ut Hjørundfjorden

Søndag gjer Hurtigruten si første innseiling til Hjørundfjorden.
Nyheter

Det vil vere nordgåande hurtigrute som etter avgang frå Ålesund set kursen mot Hjørundfjorden.

Denne hausten prøver Hurtigruten ut Hjørundfjorden som ein del av nordgåande rute. Testperioden vil vare til og med 26. september.

Skipet har avgang frå Ålesund 09.30 og kjem til Urke rundt klokka 11.30. Her blir skipet liggende til rundt klokka 15.30, før skipet set kursen tilbake til Ålesund.

Hurtigruten legg også opp til bussutflukt til Hellesylt, med retur til Urke før avgang.

- Hvis dette blir så bra som vi håper, vil vi prøve å få Hjørundfjorden inn som eit fast innslag i haustprogrammet frå 2013. Hjørundfjorden har heilt klart eit stort potensiale for det å kunne gje gjestane våre den opplevinga vi ønskjer, på stader som har noko heilt spesielt å fortelje, seier Stein Lillebo i Hurtigruten til smp.no.

Alle hurtigrutene skal ha éin tur inn Hjørundfjorden i haust. MS Trollfjord er altså første skip ut 16. september, medan MS Finnmarken avsluttar testseilingane 26. september fra Ålesund.

Sjå også: Hurtigruten til Hjørundfjorden