Her krasja ferja - igjen

Torsdag blei ferja frå 1975 godkjend for å settast inn i trafikk etter førre kollisjon. Dagen etter small MF Sykkylvsfjord i kaia på nytt.

MF Sykkylvsfjord fekk ein trøkk i fronten då den gjekk i kaia for andre gong på åtte dagar.  Foto: MMS-foto: Cato Andersen

Indre

SISTE: Sett opp kriseferje til Linge

Fjord1-ferja MF Sykkylvsfjord krasja igjen i kaia på sambandet mellom Stranda og Liabygda. Fredag føremiddag var det på Liabygda-sida av fjorden det skjedde.

– Ingen personar er komen til skade, fortel skipper Jan Flisnes til smp.no.

Ifølgje skipperen var det fem passasjerar og fire mannskap om bord då fartøyet small inn i ferjelemmen. Ingen bilar om bord fekk skader, men sjølve fartøyet fekk ein solid trøkk i fronten.

Følg smp.no på Facebook

– Small inn i kaia

Cato Andersen frå Stranda var ein av passasjerane om bord.

– Då ferja skulle leggje til kai i Liabygda, klarte ho ikkje å stoppe. Rett før vi small inn i kaia, ropte mannskapet at vi måtte halde oss fast, fortel han til smp.no.

Andersen fortel at det berre var fire bilar med på turen. Han sat i den framste bilen og var på veg til jobb, då uhellet skjedde.

– No står vi her om bord, og får ikkje køyre i land, seier Andersen til smp.no klokka 09.45.

Les flere nyheiter frå Indre Sunnmøre på smp.no

Truleg ny propellsvikt

Det er ikkje klarlagt kva som er årsaka til at ferja ikkje klarte å stanse, men ifølgje skipperen er dei truleg ramma av dei same problema ferja opplevde førre veke.

Då var det trøbbel med propellen i eine enden av fartøyet: – Det er svikt i manøvreringssystemet, forklarar Flisnes.

Ved 11-30-tida var ein inspektør frå Sjøfartsdirektoratet og politiet på plass for å undersøke kva som har skjedd.

Torsdag førre veke bomma bilferja på kaia på Stranda-sida og small i kaia om lag 30 meter vekk frå ferjelemmen ( sjå video av den hendinga under).

Les også: Bekymra for tryggleiken
Sjå video: Her bomma ferja

– Må vente på slepebåt

Dryge tre timar etter kollisjonen skjedde, er Cato Andersen framleis om bord på ferja.

– Vi har fått beskjed om at vi må vente på ein slepebåt som skal få oss over til Stranda-sida. Akkurat no forsøker dei å få oss laus frå kaia fordi ferja sitt fast i ferjelemmen, seier Andersen.

Slepebåten vil truleg ikke vere på plass før ved 14-15-tida. Andersen meiner informasjonen om bord har vore god, med fortløpande informasjonsmøter.

– Det einaste som er litt synd er at dei berre har kaffi å tilby oss, seier han.

– Ikkje svele med andre ord?

– Hehe, nei - her er det sjølvbetening, og ikkje noko svelerøre, svarar han.

Aukra inn på ruta

Medan ferja blir liggjande til kai i Liabygda, er sambandet innstilt.

– Vi jobber intenst med å få ei reserveløysing på plass, seier kommunikasjonsdirektør Ingrid Færøyvik i Fjord1.

Truleg vert MF Aukra sett inn i sambandet så snart det let seg gjere. Færøyvik seier dei håpar at den vil vere på plas før ettermiddagstrafikken aukar.

Les også: Sett opp kriseferje til Linge

Selskapet vil gi oppdatert informasjon om saka på sine nettsider.

Sjå video frå ferjekrasjen førre veke under

Har du tips til oss? Send sms/mms til 95 400 400, epost til 95400400@smp.no eller ring 95 400 400.

Sjekka og godkjend

MF Sykkylvsfjord er bygd i 1975 og har ein kapasitet på 30 bilar og 300 passasjerar. Etter kollisjonen førre veke var fartøyet inne til sjekk og blei godkjend av sjøfartsstyresmaktene. Det blei då funnen ein teknisk feil.

Allereie dagen etter ferja blei sett inn igjen i trafikk torsdag ettermiddag - var altså uhellet ute igjen.

– Det er sjølvsagt beklageleg at vi har to hendingar i løpet av få dagar. Vi vil ta en ny grundig sjekk og vil ikkje sette inn ferja igjen før vi er heilt sikre på at alt er i orden, seier ho.

Vil bytte ut ferja

Samferdselspolitikar Frank Sve (Frp) tok i Sunnmørsposten torsdag til orde for at sambandet burde få ei ny ferje. Han vil ta opp saka i komande møtet i samferdsleutvalet.

– Ferja som går i sambandet no, «Sykkylvsfjord», er så gamal og dårleg at ho må vekk før det skjer ei ulukke, sa Sve og peiker på at ruta opplever kraftig trafikkvekst.

Kommersiell direktør Frode Ohr i Fjord1 avviste då at MF Sykkylvsfjord er ei utrygg ferje.


Vis større kart

  Foto: MMS-foto: Cato Andersen

  Foto: MMS-foto: Cato Andersen

  Foto: MMS-foto: Cato Andersen