Les hele denne saken i Sunnmørsposten onsdag

Ved hjelp av ein fjernstyrt undervass- farkost (ROV) undersøker forskarar korleis forureininga i sedimenta på havbotnen påverkar livet i fjorden på oppdrag frå Ålesund kommune.

Heilt sidan 1979 har det vore gjort undersøkingar for å kartlegge omfanget av miljøforureininga i fjordane ved Ålesund.

No er det berre nokre få svar som manglar før bildet er komplett.

Oppdraget er å filme botnen og livet der på utvalde strekningar langs kaier og tvers over fjorden. Ein ting er å vite korleis tilstanden er etter tallause grabbprøver, noko anna er det endeleg å sjå korleis det ser ut der nede.

Miljøgiftene søkk ned og samlar seg på botnen. Der lever småkrypa som er mat for dei som er større. Slik forplantar forureininga seg, frå små børstemarkar til krabber, skjel, fisk og fugl.

Til slutt hamnar den i menneska som et forureina fisk og skaldyr.

– Aspevågen i Ålesund er enormt forureina. Ingen stader i verda er det målt så høge verdiar av bromerte flammehemmarar som i Borgundfjorden, fortel miljøvernrådgjevar i Ålesund kommune, Gunnar Godø.

I løpet av 2013 skal det utarbeidast ein plan for å fjerne forureininga.

Arbeidet med tiltaksplanen blir lyst ut på anbod, og Klima og forureiningsdirektoratet (Klif) har løyvd ein million kroner til arbeidet.

Frå venstre Leif Arild Håhjem, Lise Chapman, Marius Moe, Roger Kvalsund og Arne Fagerhaug. Foto May Britt Haukås.