Brusjokk for øysamfunn

Både Nerlandsøybrua og Remøybrua i Herøy må byggast nye om få år, elles vert lokalsamfunna fullstendig strypt
Nyheter

Les meir om denne saka i papirutgåva av Sunnmørsposten torsdag

Det kom fram då samferdselsutvalet i Møre og Romsdal var på tur til Herøy.

Nerlandsøybrua har ei levetid på fem år medan for Remøybrua er domen på sju års levetid.

Følg smp.no på Facebook

Rustangrep

Etter desse åra vil det bli redusert akseltrykk til ti tonn på bruene. Noko som betyr at reinhaldsverket vil få vanskar med å få ut store bilar og transport av varer vil verte svært vanskeleg.

Ivar Hol i Vegvesenet fortel at årsaka til at Nerlandsøybrua og Remøybrua nærast er kondemnerte er rustangrep på hovudarmeringa.

Kom som eit sjokk

Meldinga om slutten for Nerlandsøybrua og Remøybrua kom som ei bombe på ordførar Arnulf Goksøyr i Herøy.

– Vi kan ikkje setje heile Nerlandsøya, Remøya og Runde i trangsteg på denne måten. seier Goksøyr

No vil han i samarbeid med fylkeskommunen kome raskt i veg for å finne ei framtidig løysing for dei to bruene.

Les fleire nyheiter frå Søre Sunnmøre og Nordfjord på smp.no

– Har ikkje pengar

Fylkesordførar Jon Aasen (Ap) seier at 400 millionar kroner til å byggje to nye bruer i Herøy, er pengar som fylkeskommunen ikkje har.

– Einaste veg ut av uføret som eg klarer å sjå i dag,, er at fylkeskommunen går i forhandlingar med staten for å få pengar til å byggje nye bruer, seier han.

Les kva dette betyr for næringsdrivande i øysamfunna i papirutgåva av Sunnmørsposten torsdag