Professor II, Kåre Heggen, ved Høgskulen i Oslo og Akershus kom med utsegnet under «Ut i jobb-dagen» på Høgskulen i Volda (HVO) tysdag.

«Ut i jobb-dagen» er ein møtestad for grunnskule- og førskulestudentar ved HVO og arbeidsgjevarar innanfor skule- og barnehagesektoren.

Det er eit stort behov for kvalifisert arbeidskraft i barnehage og skule. Lærar- og førskulestudentar er attraktive på arbeidsmarknaden. I Møre og Romsdal er 30 prosent av lærarane over 55 år og nærmar seg pensjonsalder. Ifølgje samfunnsforskar Jørgen Amdam er det behov for om lag 300 nye lærarar berre i Møre og Romsdal kvart år.

Kåre Heggen har teke del i ein omfattande studie av rekruttering frå høgskulane til kommunane.

– Om vi ser på HVO så blir rundt 70 prosent av lærar- og førskulestudentar frå eige fylke, verande regionen etter endt utdanning. Opp mot halvparten av studentar som kjem utanfrå, vert også verande i regionen. Dei som reiser ut og tek utdanning kjem i lita grad tilbake til vårt fylke. Tala gir heilt tydelege signal om at det er viktig å oppretthalde regionale høgskular, seier Heggen.

Les meir om «Ut i jobb-dagen» i Sunnmørsposten si papirutgåve onsdag.